Lugomir

Lugomir (serbisk Лугомир) er ei elv sentralt i Serbia, og ei 57 km lang sideelv til Velika Morava frå høgre.

Lugomir (Лугомир)
elv
Land Flag of Serbia.svg Serbia
Nedslagsfelt 447 km²
Lengd 57 km
Kjelde Gledićke planine sentralt i Serbia
 - høgd 793 moh.
Munning Velika Morava, aust for Jagodina

Lugomir
44°1′0″ N 21°18′0″ E

Lugomir har to kjeldeelvar, Dulenska reka og Županjevačka reka. Begge spring ut frå fjella Gledićke planine og renn saman ved landsbyen Beočić. Den lengste av desse er Dulenska reka (37,5 km). Sjølve Lugomir er berre 19,5 km lang. Ho munnar ut i Velika Morava nær landsbyen Ribari.

Lugomir drenerer eit område på 447 km² og nedslagfeltet høyrer til Svartehavet.

KjelderEndra