Velika Morava

sideelv til Donau i Serbia

Velika Morava eller Store Morava (serbisk Велика Морава) er den siste delen av elva Morava (serbisk Морава), det store elvesystemet i Serbia, og ei sideelv til Donau

Velika Morava (Велика Морава)
elv
Land  Serbia,  Montenegro  Makedonia,  Bulgaria
Nedslagsfelt 37 444 km²
Lengd 185 km
Middelvassføring 255 /s
Kjelde Stalać, stnralt i Serbia, frå Zapadna Morava og Južna Morava
Munning Donau, vest for Smederevo i Serbia
Kart
Velika Morava
43°42′00″N 21°24′16″E / 43.7°N 21.404444444444°E / 43.7; 21.404444444444
Wikimedia Commons: Great Morava

Lengd endre

Velika (Store) Morava oppstår der elvane Južna Morava (Јужна Морава; tyder ‘Sørlege Morava’) og Zapadna Morava (Западна Морава; Vestlege Morava) renn saman nær den vesle byen Stalać, eit stort jernbaneknutepunkt i Sentral-Seriba. Frå her til ho munnar ut i Donau nordaust for byen Smederevo, er Velika Morava 185 km lang. Med den lengste greina, Zapadna Morava, er ho 493 km lang. Južna Morava, som er den naturlege kjeldeelva til Morava, var tidlegare lengre enn Zapadna Morava, på grunn av regulering av elva vart Morava kortare ned frå ei lengd på over 600 km. Ibar er i dag den fjernaste kjelda til Morava, og ligg i Montenegro, som gjer at elvesystemet Ibar-Zapadna Morava-Velika Morava har ei lengd på 550 km, som er den lengste vassvegen som utelukkande ligg på Balkanhalvøya.

Geografi endre

 
Velika Morava

Nedslagsfeltet til Velika Morava er 6126 km² og heile Morava-systemet er på 37 444 km² (av dette er 1237 km² i Bulgaria og 44 km² i Makedonia), som dekkjer 42,38 % av Serbia. Velika Morava renn gjennom det frodigaste og tettast folkesette området i Sentral-Serbia, kalla Moravadalen, eller Pomoravlje. Pomoravlje var i fortida ei bukt i det store Pannoniske havet, som tørka inn for 200 000 år sidan. Halve lengda renn elva gjennom den vakre Bagrdan-kløfta. Elva munnar ut i Donau mellom landsbyane Kulič og Dubravica, i det store kolbekkenet Kostolac. Middelvassføringa hennar er 255 m³/s ved munningen.

Velika Morava er eit lærebokdøme på ei meanderelv. Ho var tidlegare 245 km lang, men frå utspringet til munningen er luftlinja berre 118 km, så meanderforholdet er 118:245, eit av dei høgaste forholda til Europa.

Elva er mellom 80 og 200 meter brei, og opp til 10 meter djup. Ho er kjend for flaumane som oppstår her og har fleire gonger endra elvefar, medan dei tidlegare elvesvingane har danna små innsjøar, kjend som moravište.

Sideelvar endre

Sideelvane til Velika Morava er korte. Den lengste er Jasenica på 79 km og dei andre er stort sett ikkje lenger enn 50 km. Mange av dei fører berre vatn i dei våtare periodane av året, då dei til gjengjeld kan føre til flaum. Før Velika Morava renn ut i Donau deler ho seg i to og dannar den 47 km lange greina Jezava, som munnar ut i Donau nær byen Smederevo.

Utbyggingar endre

På grunn av den store flaumfrekvensen i elva, starta ein å bygge flaumvern i Velika Morava, dei to kjeldeelvane og fleire av sideelvane. Det er likevel ofte flaum i elva, så arbeidet med å sikre elva pågår framleis.

Busetnader endre

Sjølv om Moravadalen alltid har vore det mest folkerike området i Serbia, har flaumfaren hindra folk frå å busetje seg langs sjølve elvebreidda. Den einaste urbane busetnaden langs elva er Ćuprija, som ofte vert råka av flaum. Andre stader, som ligg litt frå elva, er Paraćin, Jagodina, Batočina, Lapovo, Svilajnac, Velika Plana, Požarevac og Smederevo.

Kjelder endre