Luino

kommune i Italia

Luino er ein liten by nær grensa mot Sveits på den austlege bredda av Lago Maggiore i Provinsen Varese i Lombardia i Nord-Italia. I 2005 var innbyggjartalet 14 179.

Luino
Luino og Germignaga sett frå Forcorapasset.
Luino og Germignaga sett frå Forcorapasset.
Luino og Germignaga sett frå Forcorapasset.
Plassering
Luino is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Varese
Borgarmeister Gianercole Mentasti
Geografi
Flatevidd
 - By

20,95 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

14 179
  709/km²
Koordinatar 46°0′N 8°45′E / 46.000°N 8.750°E / 46.000; 8.750
Høgd over havet 202 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 21016
Telefon-retningsnummer 0332
Nettstad: www.comune.luino.it

Historie endre

Luino er velkjend for marknaden sin, som vert halde kvar onsdag. Nokre seier at markenaden er den største i Europa. Rundt byen er det også eit imponerande landskap, og Luino er dimed ein populær turistdestinasjon, særleg blant turistar frå Sveits, Tyskland og Nederland.

Jernbanestasjonen i byen er også historisk viktig sidan han står på bana som eingong var den einaste ruta mot St. Gotthard-tunnelen. Både italienske og sveitsiske statsbaner bruker stasjonen i dag.

Økonomi endre

Før slutten av 1800-talet hadde Luino vorte ein industriby. Tekstilindustrien var særleg sterk her på grunn av dei mange vassdraga som ein kunne bruke for å produsere kraft til maskineriet. Sveitsiske industrimenn grunnla mange av tekstilfabrikkane i området. Selv om nokre teikn på dette tidlegare næringslivet finst enno i gate- og villanamn i Luino og andre byar i området (f.eks. Villa Hussy i Luino og via Stehli i nabokommunen Germignaga), aktiviteten i sektoren har no minka monaleg.

Eit fenomen som er veldig utbreidd her er grensearbeidet, dvs. folk som bur i distriket og reiser til arbeidet i Sveits kvar dag (på italiensk heiter desse arbeidarane frontalieri). På denne måten har Luino og nabokommunane vorte sovebyar til ein viss grad.

Kjende innbyggjarar endre

Folk frå Luino har bidrege mykje til italiensk 1900-talslitteratur. Både forfattaren Piero Chiara og diktaren Vittorio Sereni vart fødde her.

Som unge budde skodespelforfattaren og mottakaren av Nobelprisen i litteratur i 1997 Dario Fo her og i Porto Valtravaglia, som ligg nokre kilometer sør for Luino.

Kjelder endre