Luiz Inácio Lula da Silva

Luiz Inácio Lula da Silva, fødd Luiz Inácio da Silva, kallenamn Lula[1] (fødd 27. oktober 1945) er ein brasiliansk sosialistisk politikar som var president i Brasil frå 1. januar 2003 til 1. januar 2011.[2] I 2022 vart han attvald som president, og dermed den påtroppande presidenten i Brasil, og skal etter planen tiltre 1. januar 2023.

Luiz Inácio Lula da Silva
Alberto Fernández y Luiz Inácio Lula da Silva en São Paulo 2022 (3) (cropped).jpg
Fødd 27. oktober 1945 (77 år)
Caetés
Yrke fagforeiningsleiar, politikar, turner
Verv President i Brasil
Periode 2003-2011
Etterfylgjar Dilma Rousseff
Luiz Inácio Lula da Silva på Commons

BakgrunnEndra

Lula vart fødd i Caetés i delstaten Pernambuco. Frå 1952 budde han i São Paulo. Han var det sjuande av åtte born, og kom frå fattige kår. Frå han var 12 år gamal måtte han ta diverse arbeid. Han vart etter kvart faglærd metallarbeidar. Frå 1969 var han med i fagforeiningsarbeid. I 1980 var han med å grunnleggja Arbeidarpartiet (Partido dos Trabalhadores). I 1986 vart han vald inn i den brasilianske nasjonalforsamlinga, Congresso Nacional.[3]

I 1989 stilte han for første gong som kandidat ved presidentvalet, og stilte sidan som kandidat ved kvart presidentval. Før presidentvalet i 2002 tona han ned arbeidarimaget sitt og noko av den radikale politikken sin. Mellom anna gjekk han bort frå kravet om at Brasil skulle slutta å betala utanlandsgjelda si. Han vart vald til president ved valet den 6. og 27. oktober 2002 med 46,4 % av røystene i første valomgang og 61,3 % i andre omgang. I 2003 vart da Silva tildelt storkrossen av St. Olavs Orden. Han vart attvald den 1. og 29. oktober 2006 med 48,6 og 60,8 % av røystene.

I 2017 vart han stilt for retten, og dømd til fengsel for ei korrupsjonsak.[4][5] I 2019 avgjorde den brasilianske høgsteretten at Lula skulle verta lauslaten, etter eit opphald på 580 dagar i fengselet.[6]

Lula er gift med Rosangêla da Silva, han har òg hatt to tidlegare ekteskap. Lula har i alt fem born.[7]

KjelderEndra

  1. Barrionuevo, Alexei (26 August 2012). «Luiz Inácio Lula da Silva». The New York Times. 
  2. «Galery of presidents» (på portuguese). Palácio do Planalto. Henta 3 February 2016. 
  3. «Petrobras scandal | Summary, Explanation, & Operation Car Wash | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 31. oktober 2022 
  4. «Lula dømt til fengsel i ni år i Brasil», e24.no (på norsk bokmål), henta 31. oktober 2022 
  5. «Brazil's ex-President Lula convicted of corruption». BBC News (på engelsk). 12. juli 2017. 
  6. Bergløff, Charlotte Berrefjord (8. november 2019), «Korrupsjonsdømte president Lula skal bli Brasil løslatt», NRK (på norsk bokmål), henta 31. oktober 2022 
  7. Thorkildsen, Kjersti; Pettersen, Stig Arild; Braathen, Einar (11. oktober 2022). «Luiz Inácio Lula da Silva». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  Denne politikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.