Luktvatnet
Luktvatnet (sørsamisk Loektejaevrie) er ein innsjø som ligg nord i Vefsn kommune i Nordland. Vatnet ligg ved foten av Korgfjellet og Lukttinden. Europaveg 6 passerer på vestsida av vatnet.
Luktvatnet | |||
innsjø | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Nordland | ||
Kommune | Vefsn | ||
Høgd over havet | 137 moh. | ||
Areal | 3,76 km² | ||
Kystlengd1 | 18,65 km | ||
Koordinatar | 66°2′34″N 13°34′5″E / 66.04278°N 13.56806°E | ||
Luktvatnet 66°02′34″N 13°34′05″E / 66.042777777778°N 13.568055555556°E | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Namnet kjem truleg av samisk loekte som tyder 'bukt'.[1] Det er òg lansert teoriar om at namnet kan kome av at det ligg «innelukt» mellom fjella,[2] eller at det har namn av Lukttinden, som ragar «opp i lukten» (opp i lufta) sør for Luktvatnet.
Kjelder
endre- ↑ Per Kr. Steinmo i Årbok for Helgeland 2005
- ↑ Reidar Svare 1964: Gamle stadnamn i Vefsn