Koordinatar: 60°51′57″N 009°42′39″E

Lunde bru er ei tørrmurt steinkvelvingsbru på riksveg 251 i Etnedal kommune i Oppland. Brua kryssar elva Etna ved Lunde. Lunde bru er 132 meter lang og vart bygd mellom 1827 og 1829. Den er Norges eldste tørrmurte steinkvelvingsbru som fortsatt er i bruk på riksvegnettet (vegen vart i 2010 omklassifisert til fylkesveg). Den vart freda i 1984. Tidlegare var det trebru på Lunde (oppført i 1795) då hovudvegen mellom Christiania og Bergen vart lagt om Etnedal.[1]

Lunde bru

Brua har til saman tre kvelv, og er 7 meter høg på midten. Hovudkvelvets lysvidde er 21,2 meter. Delar av brua vart sprengt av norske soldatar i 1940, men den vart restaurert året etter. Brua er brukt i Etnedal kommunes kommunevåpen.

GalleriEndra

Sjå ogEndra

KjelderEndra

  1. Hvattum, Harald (1993): På gamle vegar i Valdres. Fagernes: Valdres Forlag/Valdres Folkemuseum.

BakgrunnsstoffEndra

  • Lunde bru i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren