Lundheim folkehøgskole

Koordinatar: 58°27′8″N 6°32′37″E

Lundheim folkehøgskole er ein kristen folkehøgskule som ligg på Moi i Lund kommune i Rogaland. Skulen tar imot om lag 75 elevar i året og er eigd av Stiftelsen Lundheim folkehøgskole. Styret i stiftelsen blir utnemnt av Norges Handikapforbund, Lund kommune og Noregs Kristelege Folkehøgskolelag. Lundheim folkehøgskole er knytt til Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole.

Lundheim folkehøgskole

Lundheim folkehøgskole sett frå fjelltoppen Varden på Moi.
SkuletypeFolkehøgskule
Grunnlagd1949
FylkeRogaland
KommuneLund
TettstadMoi
AdresseLundheim 29, 4460 Moi
RektorOle Petter Hansson
Elevar75
EigarStiftelsen Lundheim folkehøgskole
Kart
Lundheim folkehøgskole
58°27′8″ N 6°32′37″ E

Elevane ved Lund folkehøgskole vel to linjer dei ønskjer å gå ut skuleåret, ei raud og ei blå linje. Skulen har gymsal og styrkerom. I området rundt skulen er det lysløype og kort køyreavstand til strender, skog og hei.

Skulen blei etablert på Riska ved Sandnes under namnnet Fjordsyn folkehøgskole, etter initiativ frå krinsar innan vanførelaga i Agder og Rogaland. Skulen heldt til i nokre gamle tyskarbrakkar og var då den fyrste folkehøgskulen i Skandinavia for personar med funksjonshemming. I 1951 flytta skulen inn i nye lokale i det nyinnkjøpte Moi turisthotell samtidig som han skifta namn til Lundheim folkehøgskole. Frå 1970-talet av tok skulen også inn funksjonsfriske elevar.

Linjefag ved skulen i 2015: Endra

«Blå linjer»

  • Allround A
  • E-sport
  • Film & TV
  • Helt Chef
  • Kreativ data
  • Musikal & Revy
  • Sport

«Raude linjer»

  • Allround B
  • Fotball
  • Fotografi
  • Gla' Mat
  • Globalt Perspektiv
  • Media
  • Musikk
  • Teater

Kjelder Endra

Bakgrunnsstoff Endra