Luristan
Luristan (farsi استان لرستان Ostān-e Lorestān) òg skrive Lorestan[4] eller Lurestan[4] er ein provins vest i Iran i Zagrosfjella. Folketalet vart estimert til 1,76 millionar i 2016. I 2014 vart provinsen plassert i Region 4.[5]
Luristan | |||
لرستان | |||
Provins | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Region 4 | ||
Fylke | 11 | ||
Hovudstad | Khorramabad | ||
Areal | 28 294 km² | ||
Folketal | 1 760 649 (2016)[1] | ||
Språk | lurisk | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
• Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
Luristan 33°29′14″N 48°21′14″E / 33.4871°N 48.3538°E | |||
Wikimedia Commons: Lorestan Province |
Luristan dekkjer eit areal på 28 392 km². Dei største byane i denne provinsen er Khorramabad, Borujerd, Aligoodarz, Dorood, Koohdasht, Azna, Alashtar, Noor Abad, Doh Râh/Dowreh og Pol-e-Dokhtar.
Geografi og klima
endreNamnet Luristan tyder «landet til lurarane». I vidare forstand består provinsen av den delen av Vest-Iran som samsvarar med provinsen Ilam og strekkjer seg kring 650 km frå nordvest til søraust frå Kermanshah til Fars, med ei vidde på 150–180 km. Terrenget består stort sett av fjell med mange fjellrekkjer, som høyrer til Zagros, og strekkjer seg frå nordvest til søraust. Den sentrale fjellkjeda har mange toppar som nesten når ei høgd der det alltid er snø, på 4 000 moh og høgare. Dei er opphav til mange viktige elvar i Iran, som Zayandeh rud, Jarahi, Karun, Diz, Abi og Karkheh. Mellom dei høge fjella ligg mange frodige sletter og låge åsar.
Det høgaste punktet i provinsen er Oshtorankuh som når 4 050 meter over havet. Dei lågareliggande områda i sør ligg kring 500 moh over havet. Eikeskogar dekkjer dei ytre fjellsidene, i lag med alm, lønn, valnøtt og mandeltre.[6]
Klimatisk er provinsen delt i tre. Fjellområda, som Boroujerd, Doroud, Azna, Nourabad og Alishtar, har kalde vintrar og moderate somrar. I sentrale område byrjar våren i midten av februar og varer til midten av mai. Byen Khorramabad ligg her. I sør vert område som Pol-e-Dokhtar og Papi påverka av varme luftstraumar frå Khuzestan, med varme somrar og relativt moderate vintrar.[7]
Klimate er generelt kontinentalt med vinternedbør og mykje snø i fjella (Köppen Csa). Sidan han ligg på vestsida av Zagrosfjella, er årsnedbøren i Luristan blant dei høgaste i heile Iran sør for Alborzfjella. I Khorramabad er årsmiddelnedbøren 530 mm, men det kan falle opp til 1 270 mm i dei høgaste fjellområda. Får juni til september kjem det i praksis ingen nedbør.
Temperaturane varierer mykje gjennom året. I Khorramabad er sommartemperaturane typisk frå 12 °C til 32 °C. Om vinteren varierer temperaturen frå –2 °C til 8 °C her.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lorestan Province» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «جمعيت کشور برحسب جنس در نقاط شهری و روستایی به تفکیک استان (۱۳۹۰)» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «جمعیت برحسب جنس به تفکیک سن و استان در سال ۱۳۸۵» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ 4,0 4,1 «Luristan (Lorestan) Province». Iran Visitor. Henta 7. mars 2021.
- ↑ همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند [Provinces were divided into 5 regions]. Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014. Arkivert frå originalen den 23. juni 2014.
- ↑ [1] Lorestan region
- ↑ [2] Lorestan Land of Culture and Civilization