Lushnje
Lushnje er ein by og ein kommune i regionen Fier i Albania. Kommunen ligg noko sør for midten av landet, nordaust for Fier. Han grenser i nord til regionen Tirana, i nordaust til regionen Elbasan og i søraust til regionen Berat.
Lushnje | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Fier | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 372,72 km² | ||
Flatevidd - By |
373 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) |
83 569[1] | ||
Koordinatar | 40°56′0″N 19°42′0″E / 40.93333°N 19.70000°E | ||
Høgd over havet | 17 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: https://bashkialushnje.gov.al/ | |||
Plassering | |||
Lushnje kommune innafor regionen Fier |
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Lushnje vart slått saman med landkommunane Allkaj, Bubullimë, Hysgjokaj, Golem, Dushk, Karbunarë, Ballagat, Fier Shegan, Kolonjë og Krutje.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Lushnje.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 31 105 innbyggjarar, medan dei elleve kommunane som i dag utgjer storkommunen Lushnje, til saman hadde 83 569 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
endreFram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Lushnje.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Lushnje og busetnadene:[2]
- Karbunarë
- Saver