Lustenau er ein by og ein kommune i distriktet Dornbirn i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 22,3 km² med knapt 22 000 ibuarar i 2015. Byen ligg på ei elveslette, på austbreidda av Alpenrhein, 404 meter over havet.

Lustenau på høgre side av elva Alpenrhein

Opp til 1806 var Lustenau ein riksstad som tilhøyrde den tysk-romerske keisaren. Deretter var byen i ei kortare tid ein sjølvstendig stat. Fyrst i 1830 kom Lustenau under Austerrike. I det 20. hundreåret vart byen eit sentrum for broderi-industrien i Vorarlberg og er i dag ein viktig industriby og grensekommune mot Sveits. Elles i Vorarlberg er staden særleg kjend for det særprega talemålet til ibuarane og den store kyrkjefesten, «die Kilbi».

Alpinisten Marc Girardelli er frå Lustenau.

Kjelder endre