Marc Girardelli (fødd 18. juli 1963) er ein tidlegare alpinist frå Lustenau i Vorarlberg i Austerrike som representerte Luxemburg. Han vann verdscupen i alpine greiner heile fem gongar; 1985, 1986, 1989, 1991 og 1993. Girardelli, som vann 46 renn i verdscupen i tida februar 1983-januar 1996, er ein av få alpinistar som har vunne verdscuprenn i samtlege fem øvingar.

Marc Girardelli
Marc Girardelli.JPG
Fødd 18. juli 1963 (57 år)
Lustenau
Yrke alpinist
Marc Girardelli på Commons

Girardelli vann fire gullmedaljar i fire ulike alpine verdsmeisterskap. Tre av VM-triumfane kom i kombinasjons-øvinga; 1987, 1989 og 1996, medan han i 1991 tok VM-gullet i slalåmtevlinga. I alt vann han 13 medaljar i VM og OL i åra 1985-96; fire gull, seks sølv og tre bronsar.

KjelderEndra

  • Sportsboken, aktuelle årgangar