Koordinatar: 59°55′28.610″N 10°52′22.141″E Lutvann leir er ein militærleir som ligg ved Lutvann i Oslo.

I tillegg til Heimevernet sin distriktsstab, HV-02, ligg òg Forsvarets etterretningshøgskule, Etterretningstenesta, Forsvarsbygg og FLO her.

Heile leiren har felles gateadresse Lutvannsveien 60.

HistorikkEndra

Leiren vart bygd av tyske styrkar i 1942, og i samband med frigjeringa av Noreg i 1945 overtok Milorg leiren. Seinare vart det ein teknisk og operativ skule for dei elektroniske sambandsmidla til luftforsvaret, både bakkebaserte og flybaserte. Teknisk radarutdanning vart òg gjennomført her. Frå 1953 heitte skulen Flyvåpenets sambands- og radarskole og frå 1965 Luftforsvarets befalskole for sambands- og radarpersonell. Skulen vart flytt til Kjevik i 1977 og innlemma i den tekniske skulen som var der tidlegare.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra