Forsvarets etterretningshøgskule

59°55′28.610″N 10°52′22.141″E / 59.92461389°N 10.87281694°E / 59.92461389; 10.87281694

Forsvarets etterretningshøgskule
MottoNon favet fors nisi mente praeparatis
LandNorge
SkuletypeHøgskule
KommuneOslo kommune
Kart
Forsvarets etterretningshøgskule
59°55′29″N 10°52′22″E / 59.92461389°N 10.87281694°E / 59.92461389; 10.87281694

Forsvarets etterretningshøgskule (FEH) er ein norsk statleg høgskule ved Lutvann i Oslo.

Motto til skulen er Non favet fors nisi meinte praeparatis («Det førebudde sinnet utnyttar høva best»), medan Hugin og Munin pregar logoen til skulen.

Etterretningshøgskolen er underlagt sjefen for Etterretningstenesta, men er ikkje ein del av dei løynlege tenestene i Noreg. Skulen utdannar personell til etterretningsmiljøet i Noreg og har tilbod både innan fagutdanning og høgare utdanning/akademiske studiar.

Aktivitet endre

Fagutdanningstilbudet til skulen er gradert informasjon, medan programma og emna innan etterretningsstudier er open informasjon. Etterretningsstudier vert tolka som vitskaplege studium av etterretning som kognitivt, sosialt, kulturelt og politisk fenomen.

Avdeling for profesjonsstudium forvaltar den høgare utdanninga og har følgjande tilbod:

  • Bachelorstudium i etterretning (180 studiepoeng). Dette studiet har språk-, område-, etterretningsprofesjonsstudier og etterretningsfag som emneområde og er det mest omfattande programmet. Utdanninga består av ein skuleperiode på tre år og ein påfølgjande praksis-/pliktteneste på tre år. I tillegg vert den grunnleggjande befalutdanninga gjeven parallelt med studia. I plikttenesta får etterretningsbefalet røynsle frå ein av Forsvaret sine etterretningsavdelingar. Dette heiltidsstudiet er ope for alle med norsk statsborgarskap.
  • Påbyggingsstudium til bachelor i etterretning (120 studiepoeng). Dette er eit tilbod til erfarne etterretningsoperatørar i og utanfor Forsvaret og treffer difor ei yrkesgruppe med etterretningsfagleg spisskompetanse som ofte manglar akademisk fordjuping i etterretningsfaget. Dette programmet er eit deltidsstudium.
  • Spesialiseringsemne innan etterretningsanalyse (20 studiepoeng). Dette er eit etter- og vidareutdanningstilbod til erfarne analytikarar frå mellom anna dei løynlege tenestene. Også dette tilbodet er eit deltidsstudium.

Etterretningshøgskolen driv forskings- og utviklingsverksemda si gjennom Senter for etterretningsstudier (SEST). Senteret skal driva målretta forsking for etterretningsmiljøet og nyttar både ope og gradert kjeldematerial. Forskarane ved SEST underviser i dei andre avdelingane til skulen. Det var i 2014 god tilgang på elevar.[1]

Historie endre

Militært språkkurs i russisk vart første gong organisert i 1954 for å utdanna avhøyrarar til mobiliseringsforsvaret. Dette kurset vart organisatorisk lagt inn under sjefen for Hans Majestets kongelege Garde.

Behovet til hæren for meir utdanning innan etterretningsteneste resulterte i skipinga av «Etterretnings- og sikkerhetsvingen» ved kavaleriet si øvingsavdeling på Trandum leir i 1955. I 1958 vart Etterretnings- og tryggleiksvingen flytta til Husebyleiren, og året etter slege saman med språkkurset under namnet «Hærens skole i etterretnings- og sikkerhetstjeneste».

I 1970 fekk skulen namnet «Forsvarets skole i etterretnings- og sikkerhetstjeneste» og flytta til Akershus slott og festning og vidare til Lutvann i 1978–79. I 1978 fekk det såkalla «A-kurs i russisk» godkjenning som grunnfag ved Universitetet i Oslo med 20 vekttal. Frå 1979 fekk same kurset status som Befalsskule.[2]

Skulen si faglege innretning dei neste tjue åra var stabil med eit enno meir klårt fokus på russisk og dei militære kapasitetane til Sovjetunionen.

Frå slutten av 1990-talet starta skulen ein forsiktig tilpasning til ein ny kvardag for Forsvaret, gjennom først å auka det språklege fokuset. I tillegg til russisk og seinare arabisk som begge vart dei faste språkområda til skulen, har skulen utdanna elevar i bosnisk/kroatisk/serbisk, albansk, pashto og dari. Den militære utdanninga vart òg markant forbetra då kvardagen til språkoperatørane vart meir og meir skarp. Spesielt under operasjonane i Afghanistan vart språkoperatørane ofte brukt i fremste linje.

Den største omorganiseringa frå å fokusera på mobiliseringsforsvaret til fullt ut å fokusera på behovet til innsatsforsvaret for etterretningskompetanse, kom likevel først midt på 2000-talet. Som ein konsekvens av dette vart skulen underlagt sjefen for Etterretningstenesta i 2009 og vart dermed eigen skule til denne tenesta. Dinest starta arbeidet med å byggja opp ein akademisk pilar i tillegg til den solide fagutdanningen som skulen allereie leverte. Skulen vart så akkreditert som ein høgskule i 2013. Skulen tok samstundes over eit påbygg til eksisterande bygningsmasse som skulle husa høgskuleaktiviteten. Påbygget fekk namnet «Bletchley-fløya» for å heidra Bletchley Park og aktiviteten som vart drive der under andre verdskrig. Skulen si fagutdanning føregår i «XU-fløya» som er oppkalla etter etterretningsorganisasjonen XU.

Skulen heidrar òg norske, amerikanske og britiske etterretningsautoritetar ved å kalla opp klasserom etter fleire av desse. Norske namn som pregar nokre av klasseromma er Lauritz Sand, Sven Sømme og Gunnar Kværk (alle tidlegare XU-operatørar), og dessutan Ragnvald Alfred Roscher Lund (første sjef for FO/E) og Aleksej Perminov (første lærer i russisk ved skulen). I tillegg er skulegarden oppkalla etter Anne-Sofie Østvedt Strømsnæs (XU) «Anne-Sofies plass», for å heidra innsatsen til kvinner for norsk etterretning.

Det markante endra fokuset til skulen sidan 1970, førte til at Forsvarssjefen vedtok at skulen skulle heita Forsvarets etterretningshøgskole frå 1. januar 2014.

Referansar endre

  1. Reidun J. Samuelsen (11. juli 2014). «I kø for å bli norsk spion». Aftenposten. 
  2. «Skolens historie». Arkivert frå originalen 25. september 2013. 

Bakgrunnsstoff endre