Luxor
Luxor, (arabisk: أَلْأُقْصُر - Al 'Uqṣur), er ein by langs austbreidda av Nilen i Egypt og hovudstad i guvernementet Luxor.
Luxor, أَلْأُقْصُر | |
---|---|
Ei gate i Luxor, oktober 2004. | |
Styresmakter | |
Land Guvernement |
Egypt Luxor |
Geografi | |
Flatevidd | 416 km² |
Flatevidd - By |
416 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2006) |
451,318 |
Koordinatar | 25°41′N 32°39′E / 25.683°N 32.650°E |
Tidssone | +2 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: http://www.luxor.gov.eg |
Luxor ligg på same staden som den egyptiske oldtidsbyen Theben. Namnet Luxor tyder «borgene», og kjem av dei veldige ruinane etter Theben som finst her. Luxor er særleg kjend for Kongedalen og Dronningdalen som hyser mange store graver etter herskarane av det gamle Egypt. I nærleiken av Luxor ligg også ruinane etter templet etter dronning Hatshepsut, Karnak-templet, minnetemplet etter farao Ramses II og minnetemplet etter farao Ramses III. Ruinane etter Theben ligg på UNESCO si verdsarvliste.
Kjelde
endre- «Luxor» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 27. april 2012.