Lyder Sagen

norsk lærar og diktar

Lyder Christian Sagen (13. mars 177716. juni 1850) var ein norsk skulemann og forfattar, særleg kjend for sitt arbeid som lærar i fødebyen Bergen.

Lyder Sagen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mars 1777
Bergen
Død

16. juni 1850 (73 år)

Yrke omsetjar, lærar, lyrikar
Språk dansk
Lyder Sagen på Commons

Liv og gjerning endre

Sagen var son til ein kjøpmann, og arbeidde sjølv på krambu i barndomen. 17 år gammal vart han elev ved katedralskulen i heimbyen. På skulen vart han ven med Niels Dahl og Johan Ernst Welhaven. I 1797 reiste alle tre til København for å studere teologi ved universitetet.

Sagen studerte teologi ei tid, men var meir interessert i språk og litteratur. I 1799 vart han kjend med forfattaren Knud Lyne Rahbek og miljøet kring «Bakkehuset». Sagen tok til å skrive dikt i 1800. Diktaren Sagen er mest kjend som høvesdiktar; til dømes eit krigsdikt før slaget på reia i København 2. april 1801. Etter å ha tatt filologisk eksamen var han i nesten fem år lærar ved Christianis Institut i København.

Sagen vende heim til Bergen i slutten av 1805, utnemnd til adjunkt ved Bergens Kathedralskole. Til saman var han knytt til den skulen i 43 år, frå 1814 som overlærar. Mesteparten av tida underviste han i modersmålet, som lærar i dette faget vann han eineståande ry. I undervisninga la han lita vekt på formidling av faktakunnskapen, han søkte i hovudsak å vekke evna til sjølvstendig tenking. P.A. Jensen, Johan Sebastian Welhaven, Frederik Stang, Niels Hertzberg, Lorentz Dietrichson og Jonas Lie var alle elevar hos Sagen.

Sagen tok del i omtrent all nyskiping på kulturfeltet i Bergen. Mellom anna stod han bak opprettinga av ein realskule i 1806, og i 30 år var han lærar også ved realskulen. Han deltok likeins då ein teikneskule kom i gang, og i danninga av Bergens Museum og Bergens Kunstforening. Saman med Herman Foss gav han i 1824 ut Bergens beskrivelse, og i 1837 eit utval av Claus Fasting sine skrifter, innleia med ein utførleg biografi. Alt i 1808 hadde Sagen gitt ut den fyrste læreboka i morsmålet som kom ut i Noreg. Både den boka og hans Dansk Stilebog frå 1811 vart vide spreidd.

Gatenamn endre

Lyder Sagen har i dag fått fleire gater kalla opp etter seg. Det ligg ei Lyder Sagens gate både på Nygård i Bergen, på Fagerborg i Oslo og i Stavanger sentrum.

Kjelder endre