Lykkefugl (russisk пти́ца сча́стья) eller sponfugl er ein tradisjonell nordrussisk trefigur, ei hengande uro i form av ein fugl. Han blei funnen opp av innbyggarane ved kysten av Kvitesjøen og Barentshavet, som hang han i heimane sine for å verna om familien sin. Varmen frå komfyren får han til å røra seg.

Lykkefugl eller sponfugl
Russisk krigsfangearbeid i Noreg.

Ein laga fuglen av ferskt trevirke, utan å bruka lim eller bindemiddel, gjennom å skjera ut tynne spon for vengene og halen til fuglen og sidan nytta ein spesiell metode for å spreia og bøya dei. Denne metoden blir òg nytta i anna nordrussisk handverk. Fuglen blir vanlegvis laga av furutre, gran, sibirfuru eller osp.

Vengene og halen til fuglen har ein bølgja fjørdrakt av tynne spon skorne ut i eitt stykke av friskt treverk.

Lykkefuglar i Noreg endre

Lykkefuglar er kjende frå Noreg der russiske krigsfangar under andre verdskrigen kunne gje dei i gåve til lokale folk.[1]

Palatiamonumentet på Lindesnes har form som ein stilisert lykkefugl. Monumentet blei reist i 1997 til minne om forliset av det tyske fangeskipet «Palatia».[2]

Kjelder endre

  1. «Kulturminnedagane 2020 - «Russarstegen og dei russiske fangane» - Øygarden kommune», www.oygarden.kommune.no, henta 1. oktober 2021 
  2. Magne Haugland (2012). «70-års markering av«Palatia»-tragedien» (PDF). egde (1): 20.