Lyman
Lyman (ukrainsk Лиман), kalla Krasnyj Lyman (ukrainsk Красний Лиман, 'Raude Lyman') frå 1925 til 2016,[1] er ein by i Donetsk oblast i Ukraina. Fram til 2016 var byen òg det administrative senteret i Lyman rajon, sjølv om han ikkje var ein del av rajonen. Byen er framleis senter i Lyman hromada.[2][3] I 2011 hadde han eit folketal på 23 307.[treng kjelde]
Lyman | |||
ukrainsk Лиман | |||
by | |||
Jernbanestasjonen i Lyman
| |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Donetsk oblast | ||
Høgd | 107 moh. | ||
Koordinatar | 49°39′N 38°21′E / 49.650°N 38.350°E | ||
Areal | 20 km² | ||
Folketal | 23 307 (2011) | ||
Grunnlagd | 1667 | ||
• Bystatus | 1938 | ||
Postnummer | 84400-84409 | ||
Lyman 48°59′10″N 37°48′40″E / 48.9861°N 37.8111°E | |||
Kart som viser Lyman.
| |||
Wikimedia Commons: Lyman (city) | |||
Nettstad: Лиманська міськрада |
Historie
endreByen vart grunnlagd på 1600-talet av kosakkar som Liman (Lyman). Han fekk tilnamnet Krasnyj ('Raud') i 1925. Namnet vart endra tilbake til Lyman i 2016.
Under den administrative reforma som vart sett i verk i 1708 av Peter den store, vart Lyman eksplisitt nemnd som ein av byane som høyrde inn under Azov gubernija.[4][5]
Under den russiske invasjonen av Ukraina 2022 vart store delar av byen øydelagd av russiske og pro-russiske åtak med bombefly, rakettar og artilleri, før byen vart okkupert 27. mai.[6] Ved inngangen til oktober 2022 tok ukrainske styrkar byen tilbake.[7]
Folkesetnad
endreI følgje folketeljinga i 2001 hadde Lyman denne folkesetnaden:[8]
- Etnisk samansetting
- Ukrainarar: 84,4 %
- Russarar: 13,8 %
- Belarusarar: 0,6 %
Kjelder
endre- ↑ «Rada de-communized Artemivsk as well as over hundred cities and villages» (på ukrainsk). Pravda.com.ua. 4. februar 2016. Henta 4. februar 2016.
- ↑ «Dovidnyk «Ukrayina. Administratyvno-terytorial'nyy ustriy». Donets'ka oblast'. 2. Naseleni punkty Donets'koyi oblasti. Mista oblasnoho znachennya (stanom na 01.06.2018)» Довідник «Україна. Адміністративно-територіальний устрій». Донецька область. 2. Населені пункти Донецької області. Міста обласного значення (станом на 01.06.2018) [Cataloque «Ukraine. Administrative-territorial structure». Donetsk Oblast. 2. Settlements of Donetsk Oblast. Cities of regional significance (as of 2018-06-01)] (RTF) (på ukrainsk). 1. juni 2018. Henta 23. juni 2018.
- ↑ «Lymans'ka hromada» Лиманська громада [Lyman Community]. Portal of United Territorial Communities of Ukraine (på ukrainsk). June 1, 2018. Henta 23. juni 2018.
- ↑ Указ об учреждении губерний и о росписании к ним городов (ru)
- ↑ Архивный отдел Администрации Мурманской области. Государственный Архив Мурманской области. (1995). Административно-территориальное деление Мурманской области (1920-1993 гг.). Справочник. Мурманск: Мурманское издательско-полиграфическое предприятие "Север". s. 19–20.
- ↑ «Russland har tatt kontroll over strategisk viktig by: Satellittbilder viser skadene», VG, 28. mai 2022
- ↑ «Ukraine war: Russian troops forced out of eastern town Lyman». BBC News (på engelsk). 2. oktober 2022.
- ↑ Національний склад та рідна мова населення Донецької області. Розподіл постійного населення за найбільш численними національностями та рідною мовою по міськрадах та районах [National composition and native language of the population of Donetsk region. Distribution of the permanent population by the most numerous nationalities and native language by city councils and districts] (på ukrainsk), arkivert frå originalen 7. februar 2012
- Denne artikkelen bygger på «Krasnyi Lyman» frå Wikipedia på engelsk, den 1. oktober 2012.