Ukrainarar (ukrainsk українці, 'ukrajintsi') er ei aust-slavisk folkegruppe. Dei bur hovudsakleg i Ukraina og har ukrainsk som morsmål. Medan det òg er vanleg å kalla alle innbyggjarane i Ukraina for ukrainarar, er det berre 77,8 % av dei som er ukrainarar i etnisk forstand.

Ukrainarar frå Podolia tidleg på 1900-talet.

Det finst om lag 45 millionar ukrainarar i verda. Ved folketeljinga i Ukraina i 2001 oppgav 37 541 693 menneske å vera av ukrainsk etnisitet. Dette utgjorde 77,8 % av folkesetnaden i Ukraina.[1] Størstedelen av områda der det bur ukrainarar har vore underlagt russisk styre i fleire hundreår, noko som har ført til ei viss russifisering av ukrainarane. I 2001 oppga 14,8 % av dei som oppga ukrainsk etnisitet at morsmålet deira var russisk, resten snakka ukrainsk som morsmål.[2]

Det finst òg minoritetar av ukrainarar i mange av dei tidlegare sovjetrepublikkane. Folketeljinga i Russland i 2010 viste 1 928 000 ukrainarar i Russland,[3] i Kasakhstan i 1999 var det 547 000 ukrainarar, i Moldova er det om lag 375 000 ukrainarar og i Kviterussland om lag 248 000.

Av utvandrargrupper av ukrainsk opphav finst det om lag 1 100 000 i Canada, 1 000 000 i Brasil og 900 000 i USA.

Ukrainarane har tradisjonelt vore ortodokse kristne, anten tilknytt Moskva-patriarkatet eller eit eige patriarkat i Kyiv, men ein del av ukrainarane har òg tradisjonelt vore katolske kristne.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. ukrcensus.gov.ua, arkivert frå originalen 31. oktober 2004, henta 15. april 2008 
  2. ukrcensus.gov.ua, arkivert frå originalen 1. november 2004, henta 15. april 2008 
  3. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ukrainarar