Lyme Bay er eit område av Den engelske kanalen sørvest i England mellom Torbay i vest og Portland i aust. Grevskapa Devon og Dorset ligg begge ved bukta.

Lyme Bay på kart over Storbritannia
Golden Cap på andre sida av Lyme Bay, sett frå Lyme Regis.

Området rundt Lyme Bay er ein del av ein verdsarvstad, Jurassic Coast, kalla opp etter dei geologiske formasjonane frå juratida. Kysten går frå nær SwanageIsle of Purbeck til nær Exmouth i East Devon. Mange av dei første oppdagingane av dinosaurar og andre førhistoriske reptilar vart gjort i område rundt Lyme Regis og Charmouth. Av dei første som gjorde oppdagingar her var den sjølvlærde paleonotologen og fossilsamlaren Mary Anning i 1820-åra.

Vêret i bukta er temperert etter engelsk standar og lang meir temperert enn mange andre stader på same breiddegrad. Dette kjem av det varme vatnet som Golfstraumen fører med seg. Området rundt kysten av Lyme Bay er derfor ein populær feriestad.

Exercise Tiger vart halde ved Lyme Bay, det var eit prøveforsøk på invasjonen av Frankrike på D-dagen i 1944. Operasjonen gjekk heilt gale då tyske motortorpedobåtar dukka opp og tok livet av 749 amerikanarar og britar i midten av bukta.

Busetnader endre

 
Golden Cap og East Devon frå Burton Bradstock.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

50°42′N 2°54′W / 50.700°N 2.900°W / 50.700; -2.900