Swanage
Swanage er ein liten kystby søraust i Dorset i England. Han ligg aust på Isle of Purbeck, om lag 10 km sør for Poole og 40 km aust for Dorchester. Byen har kring 10 000 innbyggjarar. I nærleiken ligg Ballard Down, Old Harry Rocks, med Studland Bay og Poole Harbour i nord og Durlston Bay og Durlston Country Park i sør.
Swanage | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Dorset | |
Distrikt | Purbeck | |
Geografi | ||
Koordinatar | 50°36′36″N 1°57′36″W / 50.61000°N 1.96000°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | BH19 | |
Telefon-retningsnummer | 01929 | |
Byen, som opphavleg var ein liten hamneby og fiskelandsby, blømde i victoriatida, då han vart ei viktig utskipingshamn for stein og seinare ein feriestad for dei rike. I dag er byen framleis ein populær turiststad, som i dag er hovudnæringa her. Her finst sandstrender og fleire andre attraksjonar.
Byen ligg heilt aust på Jurassic Coast, ein verdsarvstad.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Bilete frå Swanage Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
- Swanage Museum Arkivert 2009-09-07 ved Wayback Machine.
- Swanage Online Guide
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Swanage» frå Wikipedia på engelsk, den 10. januar 2010.