Golden Cap er ein ås og ei klippe mellom Bridport og Charmouth i Dorset i England. Klippene er det høgaste punktet på sørkysten av Storbritannia. Åsen er eigd av National Trust og er ein del av Jurassic Coast, som er ein verdsarvstad. Namnet kjem av eit frambrot av gylden grønsandstein på toppen av klippa.

Golden Cap
fjell
Land  England
Område Dorset
Fjellkjede South Dorset Downs
Høgd 191 moh.
Kart
Golden Cap
50°43′35″N 2°50′28″W / 50.726388888889°N 2.8411111111111°W / 50.726388888889; -2.8411111111111
Wikimedia Commons: Golden Cap
Golden Cap og East Devon frå Burton Bradstock.

Golden Cap er det høgaste punktet på sørkysten av Storbritannia med ei høgd på 191 meter over havet. Åsen er synleg i fleire titals kilometer i kvar retning langs kysten. Det går ein kyststi opp til toppen frå Seatown. Like bak klippa ligg ein liten skog av (hovudsakleg) svartfuru, kalla Langdon Wood.

Golden Cap frå andre sida av Lyme Bay frå Lyme Regis.

Ved botn av klippa ligg fleire store steinar der det er mogeleg å finne fossil, særleg etter at uvêr har flytta på steinane. Det er ofte tusenvis av fossil av ammonittar og belemnittar. Ein kan kome seg til botn av klippa frå Chideock Beach (Seatown) eller Charmouth. Dette kan derimot vere farleg fordi sjøen dekkjer heile stranda ved flo. Stundom kan det òg rase ut store steinar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

50°43′33″N 2°50′31″W / 50.72583°N 2.84194°W / 50.72583; -2.84194