Opna hovudmenyen

Lyngdalsfjorden er ein fjord som ligg i kommunane Farsund og Lyngdal kommunar i Vest-Agder fylke. Han har innløp mellom Spindsodden i Farsund og Sandvika i nord og strekkjer seg 15 km austover til sentrum av Lyngdal.

Frå innløpet går fjorden først nordaustover, og etter om lag 5,5 km svingar han rett austover. Her går sidefjorden Åptafjorden nordvestover og endar opp i Drangsfjorden. Frå innløpet av Lyngdalsfjorden til botn av Drangsfjorden er det om lag 16 km.

Eit stykke etter at Lyngdalsfjorden har svinga rett austover stikk Kollevollsbukta seg sørover til Kollevoll. Frå botn av vika er det berre 600 meter over til botn av Spindfjorden lenger sør. Ytst i Kollevikbukta ligg Homsholmane, dei største øyane i fjorden. Frå her og innover til Lyngdal stig Kløftefjell (275 moh) bratt opp på nordsida. Inst i fjorden ligg Lyngdal sentrum og her munnar elva Lygna ut i fjorden.