Spindfjorden er ein liten fjord i Farsund kommune, om lag halvvegs mellom sjølve Farsund og Lyngdal. Han har innløp ved Vrangholmen og strekker seg 3,5 km nordaustover. På vestsida ligg grenda Spindanger som fjorden er kalla opp etter. Frå botn av fjorden og nordover er det berre 600 meter til Kollevollsbukta, som er ein del av Lyngdalsfjorden.

Spindfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Farsund
Kart
Spindfjorden
58°05′21″N 6°56′08″E / 58.08926611°N 6.935635°E / 58.08926611; 6.935635