Opna hovudmenyen

Lygna er ei elv i Vest-Agder som renn frå Fjotland til Lyngdal.

Elva, som har gjeve namn til byen ved utløpet, har utspring ved Øyvatn i gamle Fjotland kommune (no Kvinesdal kommune). Elva renn via Eiken og Hægebostad før ho renn ut i Lyngdalsfjorden mellom Årnes og Kvavik i Lyngdal. Det største fallet er på 36 meter i Kvåsfossen.

Namnet kjem frå det norrøne lugn, som tyder stille, og dette er ei god skildring for dei første 7-8 kilometrane, og dei siste fire.

Lygna er i hovudsak ei sjøaureelv, men dei siste åra har òg laksestamma tatt seg opp. I tidlegare tider var òg elva kjent for perlefiske, berre overgått av Litleåna og Audna i Vest-Agder.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vest-Agder å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.