59°54′46.019″N 10°38′19.370″E / 59.91278306°N 10.63871389°E / 59.91278306; 10.63871389

Lysaker stasjon ligg i ei kurve.
Perrongane.
Lysaker stasjon på 1920-talet.

Lysaker stasjon er ein jarnbanestasjon sams for Drammenbanen og Askerbanen. Stasjonen ligg på den parten av Lysaker som høyrer til Bærum kommune, så å seie på grensa til Oslo. Grensa går her i Lysakerelva, som Drammenbanen går over på ei gamal steinkvelvbru ved innkøyringa til stasjonen frå Oslo-sida.

Stasjonen er plassert høgare enn terrengnivået ikring, og har inngangar under spora, med oppgangar opp til to perrongar for fire spor. Både lokaltog, langdistansetog og Flytoget til Oslo lufthamn Gardermoen stoggar på stasjonen, som er mellom dei største i Noreg, rekna etter talet på ferdafolk.

Stasjonen vart opna 7. oktober 1872 som stasjon på Drammenbanen, og er bygd om fleire gongar seinare. Då Askerbanen vart teke i bruk på strekninga Lysaker – Sandvika i 2011 som byggesteg 2 på denne banen, vart stasjonen dessutan ein stasjon på denne høgfartsbanen, utbygd til noverande standard og kapasitet i samband med dette jarnbaneanlegget.

Bakgrunnsstoff endre