Opna hovudmenyen
Bru av tre over den vesle Hvalstaddalen i Asker kommune for den smalspora Drammensbanen, fotografert av Anders Beer Wilse i 1904. I samband med at bana vart ombygd til normalspor, vart lina lagt lågare i terrenget og dalen kryssa nokre hundre meter lengre opp gjennom tunnelar i dalsida og over steinfylling i dalbotnen. Trebrua vart då rive.
Hovudbygningen på den opphavlege endestasjonen for Drammensbanen i Oslo, Vestbanestasjonen (Oslo V), er no bygd om og teke i bruk som Nobels Fredssenter
Foto: David Castor

Drammenbanen er den opphavlege jernbanestrekninga mellom Oslo og Drammen, no supplert av Askerbanen på delar av strekninga. Opphavleg var Oslo Vestbanestasjon endestasjonen i Oslo, men etter at Oslotunnelen vart bygd, er banen knytt til Oslo Sentralstasjon og linenettet som går ut derfrå i ulike retningar. Oslo Vestbanestasjon vart deretter lagt ned.

SogaEndra

Stortinget vedtok 16. juni 1869 bygginga av Christiania - Drammenbanen, og då bana vart opna 7. oktober 1872, vart Drammen knytt til hovudstaden med si tids mest moderne transportmiddel. Først var bana smalspora, med sporvidde 1067 mm, som dei fleste 1800-talsbanene i Noreg, men var ferdig ombygd til normalspor (1435 mm) 11. februar 1920 i samband med at det var gjort vedtak om å byggje Sørlandsbanen over Drammen og Kongsberg. Då vart det òg bygd dobbeltspor og elektrisk drift på strekninga mellom Oslo og Sandvika stasjon i Bærum kommune. Elektrifiseringa av heile strekninga mellom Oslo og Brakerøya i Drammen kommune vart fullført 26. november 1922, og Drammensbanen var med dette elektrifisert som den første av dei statlege banene. Men den stutte strekninga frå Brakerøya og fram til Drammen stasjon vart fyrst elektrifisert då ei ny jarnbanebru over Drammenselva var ferdigbygd i 1930.

I 1958 var bana bygd om til dobbeltspor på strekninga mellom Sandvika og Asker stasjon i Asker kommune, medan ho framleis var einspora frå Asker stasjon til Drammen.

I 1973 vart den dobbeltspora Liertunnelen opna, og Drammensbanen lagt om og korta ned mellom Asker stasjon og Brakerøya. Bana gjekk no beinveges frå Asker stasjon til Drammen, i staden for den lange vegen om Spikkestad i Røyken kommune og Lierbyen i Lier kommune. Den 10,7 kilometer lange tunnelen, som var landets lengste, med ny bane over Lierstranda fram til Brakerøya, førte soleis til ein radikal nedkorting av reisetida mellom Oslo og Drammen.

Mellom Brakerøya og Drammen var banen framleis einspora, då den gamle stålbrua frå 1930 vart nytta heilt fram til 1996. Då vart ho avløyst av ei dobbeltspora stålbru, men slik at den gamle brua framleis tek trafikken i den eine retninga over Strømsøløpet, det eine av dei to løpa som Drammenselva deler seg i her kring øya Holmen: Strømsøløpet og Brakerøyløpet. Brua frå 1996 over Strømsøløpet for trafikken ut frå Drammen stasjon i retninga mot Oslo er 453,0 meter lang og ligg nedstraums for gamlebrua. Gamlebrua over Strømsøløpet frå 1930 for trafikken i retninga frå Oslo inn mot stasjonen er 451,1 meter lang. Den dobbeltspora brua over Brakerøyløpet frå 1996 er 341,0 meter lang og ligg likeiens nedstraums for gamlebrua, som her vart fjerna etter at den nye vart teke i bruk.

Den gamle, einspora strekninga av Drammenbanen vart trafikkert mellom Asker stasjon og Spikkestad stasjon på det som så vert kalla Spikkestadbanen. Her går no NSB lokaltog Spikkestad-Lillestrøm stasjon. Sporet låg heilt fram til Gullaug haldeplass i Lier kommune fram til 1994.

Endringane i Oslo og parallellbanen AskerbanenEndra

I Oslo hadde Drammenbanen opphavleg Vestbanestasjonen, Oslo V, som endestasjon, medan dei andre jarnbanelinene inn til byen enda på Austbanestasjonen, Oslo Ø. Vestbanestasjonen vart lagt ned i 1989 etter at Oslotunnelen var ferdig bygd for Drammensbanen under byen på strekninga mellom Skøyen i Oslo og Oslo Ø i 1980, og Oslo Ø var erstatta med ein heilt ny Oslo Sentralstasjon, Oslo S. Stasjonsbygningen på Vestbanestasjonen, som ligg i nærleiken av rådhuset i Oslo, er teke vare på til annan bruk.

Askerbanen, som er ei bane for å avlaste Drammensbanen og eliminere dei store kapasitetsproblema som hadde oppstått på denne sterkt trafikkerte bana, har gjort at Drammensbanen fyrst og fremst kan fungere som lokalbane for dei folkerike områda på strekninga mellom Skøyen stasjon i Oslo og Asker stasjon i Asker. På denne strekninga av Drammensbanen ligg det frå gamalt av mange småstasjonar som no berre vert nytta som haldeplassar.

LinekartEndra

Teiknforklaring
   Hovedbanen til Eidsvoll
   0,27* km Oslo S (1854)
   Oslotunnelen (1980, 3 632 m)
   1,40 km Nationaltheatret (1980)
   (0,00 km) Oslo V (1872 - 1989)
   (1.58 km) Filipstad (1989)
   2,29 km Elisenberg (1980, ikkje ferdigbygd)
   (1,90 km) Skarpsno (1882)
   Skøyen–Filipstadlinjen
    4,00 km industrispor til Skøyen
  4,38 km Skøyen (1872) Rv161 Drammensvegen (ca. 300 m)
   Askerbanen, prosjektert
   5,31 km Bestun (1884)
   Rv160 Vækerøvegen
  
  Lysakerelva (36 m)
  7,00 km Lysaker (1872) 7,5 moh.
   Askerbanen, (2011)
   8,30 km Myra (1931)
   8,99 km Stabekk (1884) 20,5 moh.
   9,74 km Strand (1931)
   10,72 km Høvik (1874) 23,8 moh.
   11,40 km Ramstad (1931)
   12,23 km Blommenholm (1910) 24,0 moh.
  
  14,14 km Sandvika (1872) 12,0 moh.
  Øverlandselva og Sandvikselva (153 m)
  E16 Ringeriksvegen og Fv174 Johan Grauers gate (58 m)
    Ringeriksbanen, prosjektert
   Askerbanen (2005)
   15,42 km Jong (1959)
   15,82 km Slependen (1873)
   Billingstad (372 m)
   17,62 km Billingstad (1919) 41,2 moh.
   Åstad (106 m)
   Solhaug (253 m)
   Solstad (52 m/55 m)
   20,19 km Hvalstad (1872) 64,0 moh.
   Hvalstad (183 m/29m)
   Hvalstad (144 m)
   21,23 km Vakås (1957)
   22,17 km Høn (1930) 87,0 moh.
    
     Askerfyllingen bro[1]
    
   Asker (410 m)
  
  23,83 km Asker (1872) 104,6 moh.
  E18
    Spikkestadlinjen
  Liertunnelen (1973, 10 723 m)
  (42,99* km) Eriksrud (2003)
 
  (46,84 km) Lier (1973)
  Lierelva (44 m)
    gamle Drammenbanen
  Rv23 Røykenvegen
   
    Lier industriterminal
   
    Lierstranda tømmerterminal
  (50,76 km) Brakerøya (1873) 3,4 moh.
    Drammen havn
  Drammenselva Brakerøyløpet Holmenbruene (1996, 341 m)
    Holmen havneterminal
  Drammensbrua E18
  Drammenselva Strømsøløpet Holmenbruene (1930, 451,1 m / 1996, 453 m)
    Strømsø/Tangen havneterminal
    Drammensbrua E18
    Rv282 Telthusgata
   
  (52,86 km) Drammen (1866) 2,2 moh.
    Vestfoldbanen
  Sørlandsbanen (Randsfjordbanen)

ReferansarEndra

  1. Jernbaneverkets verneplan