Lysefjorden i Hordaland
Lysefjorden er ein sidefjord til Korsfjorden i kommunane Bergen og Bjørnafjorden i Vestland. Han er ei fortsetjing av Korsfjorden som strekkjer seg 6 km austover mot Djupvik. Breidda er 2-3 km. Fjorden er kalla opp etter Lyse kloster, som ligg 1,5 km lenger aust.
Fjorden har innløp mellom Korsneset i nord og øya Skorpo i sør. Den indre delen av fjorden har over ti større holmar og småøyar. Den største av desse er Lysøen, der Ole Bull bygde det kjende huset sitt.