Lysstoff
Lysstoff er fluorescerande, uorganisk stoff som strålar med synleg lys når det vert treft av ultrafiolett stråling. Det vert nytta på innsida av glaset i lysrøyr. Fargen i det utstrålte lyset kan varierast ved val av lysstoff. Som lysstoff nyttar ein vanlegvis silikat, borat og wolframat av mellom anna sink, kalsium og kadmium.
Kjelder
endre- «lysstoff» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 28. februar 2013.