For byen på Kypros, sjå Maliá. For landsbyen i Iran, sjå Malia.
Mália
Lokalt namn Μάλια

Ei kyrkje i Mália
Geografi
Mália is located in Hellas
Mália (Hellas)
Stad Kreta
Koordinatar 35°18′N 25°00′E / 35.300°N 25.000°E / 35.300; 25.000

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Kreta
Iráklio
Khersónisos
Hovudsete Mália (3 224 innb.)
Demografi
Folketal 5 433 (2011[1])

Mália (gresk Μάλια) er ein kystby og ein tidlegare kommune i det nordaustlege hjørnet av periferieininga IráklioKreta i Hellas. Etter kommunereforma i 2011 inngår Mália som ei kommunaleining i kommunen Khersónisos.[2] Byen ligg 34 kilometer aust for Iráklio, som er hovudstaden på Kreta. Kommunaleininga inkluderer òg landsbyane Mokhós, Krási og Stalída, og har eit totalt areal på 60,72 kvadratkilometer. Byen er ein turistattraksjon, fyrst og fremst for sitt betydelege arkeologiske område og uteliv. Ruinane av ein minoisk by ligg tre kilometer aust for landsbyen Mália og dekkjer eit areal på om lag éin kvadratkilometer. Det opphavlege namnet på byen er ikkje kjend.

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Mália 5 433 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 3 224 innbyggjarar.[1]

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre