Málmey
Málmey ('Malmøy' på norsk) er ei øy i Skagafjörður nord på Island. Málmey ligg om lag 10 km nord for bygda Hofsós i kommunen Skagafjörður.
Øya er omgjeven av klipper på alle sider. Ho er ei 4 km lang og smal lavaøy som ligg i det 5 km breie Málmeyarsund. Det høgaste punktet på øya ligg i nord og er 156 moh.[1][2][3][4]
Søraust på øya ligg eit fyr som blei bygd i 1937.[2][5] Fram til 1950 var øya folkesett, men då ein brann øydela garden som huste 14 folk blei ho forlaten.[2][3][4] I staden held mange fuglar til på Málmey.
Øya er omtalt i Sturlunga saga som staden der biskop Guðmundur Arason flykta i 1221 for å koma unna Tumi Sighvatsson og folka hans, som truga med å drepa han. Guðmundur forlét øya på påskedag, etter at hans folk hadde drepe Tumi Sighvatsson.[2][6]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Málmey» frå Wikipedia på engelsk, den 1. november 2016.
Bakgrunnsstoff
endre- Flybilete på ismennt.is Arkivert 2007-09-30 ved Wayback Machine.
60°00′50″N 19°32′00″W / 60.01389°N 19.53333°W
- ↑ «Northwest Iceland». northwest.is. Arkivert frå originalen 22. juli 2011. Henta 12 August 2014.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 «Malmey - Travel Guide». nat.is. Nordic Adventure Travel. 2008. Arkivert frå originalen 25. juli 2016. Henta 12 August 2014.
- ↑ 3,0 3,1 Young, Don; Young, Marjorie. Iceland Adventure Guide. Hunter Publishing. s. 505–506. Henta 12 August 2014.
- ↑ 4,0 4,1 Appleton, Jane Victoria; Shannen, Lisa Gail (2010). Frommer's Iceland. John Wiley and Sons. Henta 12 August 2014.
- ↑ «Lighthouses of Northern Iceland». unc.edu. University of North Carolina. Arkivert frå originalen 29. april 2017. Henta 12 August 2014.
- ↑ Benediktsson, Jakob (1958). Sturlunga Saga. Twayne Publishers. s. 182–184. Henta 12 August 2014.