Kronprinsesse Märtha av Noreg (fødd 28. mars 1901 i Stockholm, død 5. april 1954 i Oslo) var kronprinsesse av Noreg frå 1929 til ho døydde i 1954.

Kronprinsesse Märtha av Noreg

Kronprinsesse Märtha av Noreg
FøddPrinsessan Märtha Sofia Lovisa Dagmar Thyra av Sverige
28. mars 1901
Stockholm i Sverige
Død5. april 1954
Rikshospitalet i Oslo i Noreg
TittelKronprinsesse av Noreg
Alle titlarPrinsesse av Sverige og Noreg (1901-1905)
Prinsesse av Sverige (1905-1929)
Kronprinsesse av Noreg (1929-1954)
Fullt namnMärtha Sofia Lovisa Dagmar Thyra
Hus eller slektBernadotte
GravstadDet kongelege mausoleetAkershus festning
LandSverige, Noreg
MorIngeborg av Danmark
FarCarl av Sverige
EktefelleOlav V av Noreg
BarnPrinsesse Ragnhild, fru Lorentzen, Prinsesse Astrid, fru Ferner, Harald V av Noreg

Märtha vart fødd i Stockholm i Sverige 28. mars 1901 som svensk og norsk prinsesse av slekta Bernadotte. Ho var nest eldste dotter av prins Carl Bernadotte av Sverige og prinsesse Ingeborg av Danmark. Fram til ho døydde var Märtha den høge beskyttarinna for Norges Lotteforbund.

Ho vart gift 21. mars 1929 i Vår Frelsers kirke, i dag Oslo Domkyrkje, med kronprins Olav V av Noreg. Dei to var syskenbarn.

Olav og Märtha fekk barna prinsesse Ragnhild av Noreg (seinare Prinsesse Ragnhild, fru Lorentzen), prinsesse Astrid av Noreg (no Prinsesse Astrid, fru Ferner) og prins Harald av Noreg (no kong Harald V av Noreg).

Märtha døydde 5. april 1954 i Oslo. Kronprins Olav vart i 1957 konge av Noreg, som Olav V.

Titlar

endre
  • 1901–1905: Prinsesse Märtha av Sverige og Noreg
  • 1905–1929: Prinsesse Märtha av Sverige
  • 1929–1954: Kronprinsesse Märtha av Noreg

Dekorasjonar

endre

Kronprinsesse Märtha vart 3. august 1942 tildelt storkors med kjede av St. Olavs Orden for «innsats for Norges sak under krigen».[1]

I tillegg var ho innehavar av St. Olavsmedaljen og Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje 1905–1930.[1]

Av utanlandske dekorasjonar var ho innehavar av Kong Georg VIs kroningsmedalje, Kong Christian Xs frihetsmedalje, Minnemedaljen for Kong Frederik VIIIs 100-årsdag og Kong Gustaf Vs 70-årsmedalje.[1]

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Norges Statskalender 1948 s. 1091-1092.