Norges Lotteforbund

Norges Lotteforbund (NLF) er ein friviljug norsk kvinneorganisasjon som har til formål å styrka forsvarsviljen i landet og få kvinnene med i arbeidet for Totalforsvaret både i freds- og krigstid. Norges Lotteforbund vart inspirert av den finske organisasjonen Lotta Svärd, som vart stifta i samband med den finske borgarkrigen i 1918.

Norges Lotteforbund
Org.nummer970169210
Skipa1947
HovudkontorAkershus festning
Nettstadhttp://www.lottene.no/ Sjå dette på Wikidata

Historikk endre

NLF vart skipa den 19. mars 1928 under namnet Norske Kvinners Frivillige Verneplikt etter initiativ av Jacobine Rye. Dei fyrste oppgåvene deira var å opparbeida sanitetsutstyr og militært vinterutstyr, arrangera kurs innan kjøkenteneste, gassvern og sanitet, og å pynta opp militære etablissement. I 1940 fanst det 53 lokallag i Noreg med til saman 16 000 lotter. I 1943 vart organisasjonen tvangsoppløyst av okkupasjonsmakta. Men i fylgje heimesidene til NLF, gjekk mange lotter under jorda og fortsette med verksemda si i Milorg. I 1945 vart forbundet starta opp att og under eit landsmøte på Larkollen i oktober same året vart det sett opp nye retningslinjer, og namnet vart endra til Norges Lotteforbund.

Den 31. oktober 1947 vart det underteikna ein avtale mellom NLF og Heimevernet om samarbeid. Sidan 1. juli 1951 har organisasjonen fått innvilga økonomisk stønad over statsbudsjettet til mellom anna administrasjon og til verving og utdanning av lotter. I 1951 vart det òg inngått avtalar med Sjøforsvaret og Luftforsvaret. På grunn av desse avtalane fekk lottene spesialutdanning frå 1951. Kronprinsesse Märtha var den høge vernaren for NLF. Då ho døydde i 1954, vart Prinsesse Astrid, fru Ferner verva.

I dag endre

NLF er i dag ein politisk uavhengig organisasjon med 38 lokallag med til saman ca. 2000 medlemer (2005). Organisasjonen arbeider innan område som sanitet, samband, stabsoppgåver, transport og sjukestell. Sekretariatet deira ligg i Oslo, og dei gjev ut medlemsbladet Lottenytt. NLF deler òg ut Norges Lotteforbunds hederstegn til personar som har lagt ned eit særleg stort arbeid for verksemda deira.

Fordi det norske forsvaret har gjennomgått store endringar dei siste tiåra, er NLF òg i ein prosess med å tilpassa målsetjingane sine.

Kjelder endre