Måløy Musikklag

Måløy Musikklag er eit janitsjarkorps heimehøyrande i Måløy i Kinn kommune. Talet på medlemmar er rundt 50. Musikklaget vart skipa 18. oktober 1904. Laget legg stor vekt på det sosiale og på å spreie musikalsk glede for Vågsøy sine innbyggjarar.

Musikklaget var tidleg ute med å halde showkonsertar for korps, komporkester og songsolistar, og har halde mange store konsertar, med blant andre Øystein Wik og tyske Sanni Luis som solistar. Eksempel på tema har vore musikalar, Tom Jones, Elvis, Las Vegas og Pop Classics.

Nissefest endre

I desember kvart år arrangerer musikklaget Nissefest for små og store. Nissefesten er ein slags revyførestilling med sketsjar, song og musikk. Dette er ein fest på tvers for alle generasjonar, med mykje humor, dramatikk og julestemning. Nissefesten er det største og viktigaste sosiale kulturarrangementet i Vågsøy, med 6-700 gjestar kvart år. Den var først arrangert i Turnhallen i Måløy, men har sidan 1980 vore arrangert i Samfunnshallen på Tennebø. Den første Nissefesten vart arrangert 11. desember 1950 og den er følgd opp av ei ubroten rekkje av førjulsfestar kvart år heilt til i dag og musikklaget kunne i 2009 difor feire førestilling nr. 60. I 1999 vart laget heidra med Vågsøy kommune sin kulturpris.

Kjelder endre