Opna hovudmenyen
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Janitsjarkorps».

Eit janitsjarkorps er eit musikk-korps som har både treblåsarar og messingblåsarar i tillegg til perkusjon, i motsetnad til brassband som ikkje har treblåsarar.

Omgrepet janitsjarkorps kjem opphavleg frå tyrkisk militærmusikk. Ordet «janitsjar» kjem frå tyrkisk yeni çeri som tyder 'ny her'. Janitsjarane var osmanske hærfolk.

Janitsjarmusikk i NoregEndra

Norske janitsjarkorps hadde opphavleg ofte ein besetning som likna på den til militærmusikkorpsa, med relativt få musikarar på kvar stemme. Sidan 70-talet har norske amatør-janitsjarkorps i større grad nærma seg den amerikanske Symphonic Band-modellen, der ei stor klarinettgruppe ber ein stor del av korpsklangen. Moderne janitsjarmusikk krev òg ofte ei stor gruppe med allsidige musikarar på slagverk som kan spela melodiske og rytmiske slagverksinstrumenter om kvarandre.

Kvart år blir det arrangert noregsmeisterskap for janitsjarkorps i Olavshallen i Trondheim.

Instrument ein kan finne i janitsjarkorpsEndra

Messingblåsarar:

Pikkolotrompet, trompet, kornett, flygelhorn, valthorn, trombone, eufonium og tuba.

Treblåsarar:

Pikkolofløyte, tverrfløyte, obo, klarinett, altsaksofon, tenorsaksofon, barytonsaksofon, bassklarinett og fagott.

Perkusjon:

Ymse slagverksinstrument som til dømes pauker, xylofon, trommer og cymbalar.

  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.