Måleriet Eidsvold 1814

måleriet Eidsvold 1814 som heng i Stortinget
Denne artikkelen handlar om eit måleri. For forsamlinga, sjå Riksforsamlinga på Eidsvoll. For avdelinga i Norsk Folkemuseum, sjå Eidsvoll 1814.

Eidsvold 1814, òg kjend som Eidsvold Riksraad 1814, Riksforsamlingen på Eidsvoll og anna, er eit norsk måleri som syner riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 der den norske grunnlova vart skapt og vedteken. Biletet er laga av Oscar Arnold Wergeland (1844–1910) i perioden 1882–1885, følgjeleg omkring 70 år etter grunnlovsforsamlinga. Måleriet vart gjeve som gåve til Stortinget i Oslo, der det framleis heng i hovudsalen. Biletet er troleg det mest kjende historiemåleriet i norsk kunst.

«Eidsvold 1814» vart måla av Oscar Wergeland 70 år etter grunnlovsforsamlinga i 1885.

Eidsvold 1814 vart tinga av korpslege og forretningsmann Lorentz Reinhold Boll Ring frå Drøbak[1] og donert av han i eit brev til Stortinget 16. mai 1885. Det heng no i Stortingssalen.

Fremst i biletet står Christian Magnus Falsen oppreist framfor forsamlinga og les opp grunnlova, sorenskrivar Wilhelm Frimann Koren Christie sit ved sidan av han. I måleriet kan rundt 70 personar av dei 112 medlemma av Riksforsamlingen identifiserast.[2]

Kjelder endre