Opna hovudmenyen

Oscar Wergeland

norsk målar
(Omdirigert frå Oscar Arnold Wergeland)

Oscar Arnold Wergeland (12. oktober 184420. mai 1910) var ein norsk historiemålar frå Kristiania. Han er best kjend for måleriet Eidsvold 1814 , måla i 1885. Biletet heng bak talarstolen i Stortingssalen.

Oscar Wergeland
Oscar Wergeland selvportrett.jpg
Fødd 12. oktober 1844
Oslo
Død

20. mai 1910
Oslo

Yrke kunstmålar
Oscar Wergeland på Commons

Wergeland var elev hjå David Arnesen i Christiania 1859, og ved Den kongelige Tegne- og Kunstskole i Christiania 1865-1867. Han var og innom Eckersbergs malerskole i fleire omgangar i perioden 1865-69. Etter dette vart han student ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i København 1869-70, og i München 1874-76.

Saman med Eilif Peterssen er han ein av få norske målarar som har valt historiemåleriet som hovudsjanger. Wergelands produksjon tel ei lang rekke skildringar frå dansk og norsk historie. Han arbeidde særleg med motiv frå vikingtida. Etter at han kom heim frå München vart han i 1889 lærar ved Tegneskolen. To av bilda hans heng i Nasjonalgalleriet.

Oscar Arnold Wergelands farfar Lars Johan Wergeland var bror av eidsvollsmannen Nicolai Wergeland.

Riksforsamlingen 1814Endra

 
Han måla Eidsvold 1814, som heng i Stortinget

Arbeidet med Riksforsamlingen starta truleg i 1882, og biletet vart gjeve til Stortinget i 1885 som ei gåve frå korpslege Lorentz Reinhold Boll Ring. I alt er det 55 portrett i Riksforsamlingen. Som forarbeid til biletet måla Wergeland 27 portrett, samla på 17 bilete. Dei heng nå i Eidsvollsbygningen.

Litteratur og webEndra

  • Ramndal, Lars. «Oscar Wergelands Eidsvoll 1814: eit folkekjært kunstverk 80 år» I: Syn og Segn, 1965.