Mållaget Heimhug

Heimhug var mållaget ved Tromsø Seminarium.

Fana til mållaget Heimhug

Heimhug blei skipa av Olav Eide (Nordfjord), Nils Hyllestad (Sogn) og Johan Rydningen (Målselv) den 17. april i 1898.[1]

Historie endre

1898-1935 endre

Mållaget Heimhug[2] vart skipa ved lærarskolen i Tromsø i 1898, som eit av dei aller første studentmållaga.[3] Dei gav mellom anna ut bladet Lauvsprett.[2] Laget var svært aktivt og gav ut eit eige 25-årsskrift i 1923.[4]

Skipinga av laget skapte strid, med motstand frå bondestudentane, men mindre motbør mellom bystudentane. Styrar Just Qvigstad var positiv innstilt til det nye mållaget. Isak Saba var student ved Seminariet då, og skreiv i bladet Lauvsprett, om at målreisinga var sentral i arbeidet med å få eit sjølvstendig Noreg.

Etter lovene skulle laget ha møte annakvar søndag, noko dei også hadde dei første tiåra. Som følgje av striden kring sidemålsstilen i 1907 vart Lauvsprett frå og med det året gjeve ut som trykt avis, fram til 1914, då ho gjekk inn som trykt avis, men heldt fram som handskrive avis.

Det var menn som var foredragshaldarar dei første tiåra, men dei hadde også føredragstitlar som Kvinna og samfunnet, Om damekulturen Kvinna og målet? Kva skal ein sjå på når ein vel seg ein make? Um truloving. Jentene var også med som medlemmer. Andre tema for møta var pedagogiske og religiøse emne, og også meir allmenne tema som Sedar og skikker hjå Sudan-negrane, skal vi gjere noko for å hindre fråfluttinga frå bygdene våre?

Heimhug var ein viktig kulturpolitisk institusjon, ikkje berre på lærarskolen, men i heile Tromsø.

Heimhug kjende seg langt frå resten av målrørsla, reint geografisk, men kompenserte for dette med å sende festtelegram sørover, og på den måten helse andre delar av målrørsla.

Tromsø lærarskole låg nede i 1929-30, men i åra 1930-35 var Heimhug igjen i verksemd. I 1935 var det berre ein klasse ved lærarskolen, og året etter ingen. Det kom ikkje liv att i Heimhug etter 1935.[5]

Oppattskipingar 1946-1958 og 1978-1980 endre

16. november 1946 vart Heimhug nyskipa[6] [7], og laget var i verksemd til 1958.[8]

Hausten 1978 vart Heimhug på nytt skipa opp att,[9] men det ser ut til at laget berre var i verksemd eit par år.[10] Medlemmane gjekk etter kvart inn i Tromsø Målungdom og Studentmållaget i Tromsø.

Kjelder endre

  • Lockertsen, Roger 1984: Målreising i Nord-Noreg 1898-1940 : organisering av målstriden og striden for skolemålet. (289 s.). Hovudoppgåve - Universitetet i Tromsø.
  • Bull, Tove og Kjellaug Jetne 1982: Nordnorsk. Oslo: Det norske samlaget.
  • Mållaget Heimhug, Troms lærarskule. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida. Skriftstyrar: Arthur Brox. Troms, Nordlys Prenteverk, 1923.

Referansar endre

  1. "Mållaget Heimhug, Troms lærarskule. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida". Skriftstyrar: Arthur Brox. Troms, Nordlys Prenteverk, 1923.
  2. 2,0 2,1 Grepstad, Jon. (13. mars 2012). Mållaget Heimhug. I Allkunne.
  3. Norsk Målungdom. Målungdomssoga. Lese den 31. mars 2019.
  4. Mållaget "Heimhug" : Troms lærarskule : festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida, Tromsø 1923 [1]
  5. Vidkunn Eidnes: "Mållaget Heimhug", side 65-67, i: Tromsø off. lærerskole. Jubileumsskrift, Tromsø, 1952 [2]
  6. Norsk Tidend, torsdag 6. februar 1947: "Mållaget "Heimhug"". [3]
  7. Nordlys, onsdag 10. november 1948: "Nord-Norges eldste mållag er 50 år". [4]
  8. Siste årsmelding blei sendt til Noregs Mållag for året 1958. Eit forsøk på oppattskiping i 1961, mislukkast. Kjelde: Årsmeldingar i arkivet til Noregs Mållag.
  9. Sjå Nordlys, tysdag 19. september 1978 [5]
  10. Siste livsteikn i aviser er i Nordlys, onsdag 20. februar 1980 [6]