Måndalen idrettslag

Måndalen Idrettslag (skipa 18. januar 1922) er eit idrettslag i Måndalen i Rauma kommune, Møre og Romsdal. Laget har grupper som driv fotball, tennis, friidrett og skiidrett.

Måndalen idrettslag
Fullt namn Måndalen idrettslag
Grunnlagd 18. januar 1922
Heimebane Måndalen stadion
Styreleiar Kristin Lien
Liga 5. divisjon (2023)
Heimedrakt
Bortedrakt

Anlegg

endre

Laget sitt første anlegg var hoppbakken Skarebakken, men denne vart lagt ned på 1930-talet.

I 2009 stod Måndalshallen, som er ein idrettshall med kunstgras, klar til bruk. Denne var den første innandørs fotballbanen i kommunen.

I 2011 vart idrettsbanen frå 1952 oppgradert med fast dekke. Banen har 8 løpebanar og kan arrangere nasjonale friidrettsstemne. Banen har òg ny grasmatte der laget spelar sine heimekampar.

I tillegg har laget eiga lysløype og tennisbanar. Alle anlegg ligg ved idrettsplassen ved Vemora i enden av Volladalen.

Fotball

endre

Måndalen idrettslag har hatt ei aktiv fotballgruppe. På sitt beste i sesongene 2007-2009 spelte herrelaget i 3. divisjon. I 2011 spelte laget i 4. divisjon. Etter det har laget veksla mellom 5. og 6. divisjon.[1]

På barne- og ungdomsnivå samarbeider laget med Innfjorden idrettslag.[2]

Friidrett

endre

I åra 2019 til 2021 arrangerte klubben Moon Valley Run Festival med løpa Klauva opp, 7 Lakes Run og 17 Lakes Run.[3]

Kjende utøvarar

endre
  • Søren Wold, langrenn og hopp
  • Ivar Samseth Vold, langrenn
  • Gunnar Skeie, langrenn
  • Lars Berild, alpint

Referansar

endre
  1. Fotballforbund, Norges, «Måndalen IL - Hjem», fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk), henta 15. juli 2023 
  2. «Måndalen IL», Måndalen IL (på norsk), henta 15. juli 2023 
  3. Oppdatert, Publisert av Bjørn Johannessen | (11. august 2021), «Moon Valley Run Festival arrangeres til lørdag», www.kondis.no (på norsk), henta 15. juli 2023