Mæling er ei gammal måleining, oftast brukt synonymt med eit mål og rekna til 50 alen i firkant eller 2500 kvadratalen, det vil seie 984 m². Somme stader kan ein mæling vere rekna til 5 mål.

Ordet vert òg brukt om ein utmålt åkerteig av varierande storleik, meint å skulle skjerast på éin dag, eller meint som betaling for leige av ein husmannsplass.

Som lengdemål skal ein mæling tilsvare 100 alen, det vil seie 62,75 m.

Som måleining for korn og smør er ordet brukt synonymt med ein mæle.

Kjelder endre