Møre Folkehøgskule

Møre Folkehøgskule er ein frilynd folkehøgskule i Ørsta i Møre og Romsdal. Skulen tar kvart år imot vel 85 elevar. Sidan 1992 har den vore eigd av Stiftinga Møre Folkehøgskule, der styremedlemane blir valde av den tidlegare eigaren Sunnmøre frilynde ungdomssamlag, og av Ørsta kommune.

Soge endre

Folkehøgskulen vart skipa i 1899 av Andreas Austlid etter samtalar med læraren Per Riste i Volda, som saman med Anders Vassbotn og brorsonen til Ivar Aasen, Jon Aasen, lenge hadde snakka om ein slik skule.[1] Han opna 9. oktober 1899 året med støtte frå det offentlege. Etter at Austlid fekk bygd hus til han i 1902, fekk han namnet Ljosheim.[2] Skipinga var inspirert av Christopher Bruun og hans skule Vonheim.[1]

Fag endre

Linefag ved denne skulen er:

  • Animasjon Japan
  • Kina - Midtens rike
  • Adventura Ekstremsport
  • Adventura Body & Mind
  • Adventura Sør-Amerika

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 Skule med internasjonal profil Arkivert 2011-03-19 ved Wayback Machine. ved more.fhs.no
  2. Moren, Sven; Os, Edvard (1921), Den frilynde ungdomsrørsla : Norigs ungdomslag i 25 år, Oslo: Noregs ungdomslag, Laget