Mümliswil-Ramiswil

Mümliswil-Ramiswil er ein kommune i distriktet Thal i kantonen Solothurn i Sveits. Kommunen har 2 526 innbyggjarar (2010) og eit areal på 36 km². Kommunesenteret ligg 556 meter over havet.

Mümliswil-Ramiswil
Mümliswil
Mümliswil
Mümliswil
Kommunevåpenet til Mümliswil-Ramiswil
Kommunevåpenet til Mümliswil-Ramiswil


Plassering
Mümliswil-Ramiswil is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Solothurn
Distrikt Thal
Språk tysk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

35,53 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember2010)
   - folketettleik

2 526
  71,1 /km²
Koordinatar 47°20′0″N 7°42′0″E / 47.33333°N 7.70000°E / 47.33333; 7.70000
Høgd over havet 556 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 4717 Mümliswil, 4719 Ramiswil
Nettstad: www.muemliswil-ramiswil.ch
Mümliswil

Kommunen ligg i Guldendalen mellom den andre og tredje fjellrekkja i Jurafjella. Han ligg ved vegen over Passwangpasset, Wasserfallen og Scheltenpasset. Kommunen dekkjer heile Guldendalen, samt Lobisei-kløfta, som går over til Balsthaldalen. Han er den største kommunen i kantonen Solothurn og består av landsbyane Mümliswil og Ramiswil samt fleire grender og spreidde gardar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre