Kantonen Solothurn

Solothurn
Tysk: Solothurn
Fransk: Soleure
Italiensk: Soletta
Retroromansk: Soloturn

Våpenet til Solothurn

Kart som viser kor i Sveits Solothurn ligg.

Hovudstad Solothurn
Språk tysk
Folketal 256 888 (2011)
Areal 791 km²
Folketettleik 325/km²
Forkorting SO
Kanton sidan 1481
Høgaste topp 1445 m (Hasenmatt)

Solothurn er ein av kantonane i Sveits. Han ligg i den nordvestlege delen av landet, og grensar i vest og sør mot Bern, i aust mot Aargau, og i nord mot Basel-Landschaft. To av dei ti (statistiske) distrikta er enklavar og ligg ved den franske grensa. Hovudstaden er Solothurn, medan den største byen er Olten.

Panorama over delar av Solothurn, frå fjelltoppen Röti

Kantonen har i overkant av 250 000 innbyggjarar, og er hovudsakleg tyskspråkleg; tysk er det offisielle språket. Ca. 60 % av befolkninga er romersk-katolsk, og resten hovudsakleg protestantisk.

Kommunar endre

Kantonen har 120 kommunar (Einwohnergemeinden).

Historie endre

Territoriet til kantonen består av land som i si tid har vorte kjøpt opp av hovudstaden. Det er grunnen til den spreidde landmassen, som inkluderer to ekslavar langs den franske grensa. Desse eksklavane er skilt frå resten av kantonen Solothurn av Basel-Landschaft, og som dannar separate distrikt i kantonen.

Mellom 1798 og 1803 var kantonen Solothurn med i republikken Helvetia. I 1803 Solothurn var ein av dei 19 sveitsiske kantonane som vart rekonstruert gjennom ein meklingsavtale der Napoleon var avgjerande meklar. Trass i at folket var strengt katolske, gjekk ikkje Solothurn med i den katolske separatistrørsla Sonderbund i 1845. Like eins vart dei føderale grunnlovene av 1848 og 1874 godkjende. Den noverande grunnlova for kantonen er frå 1987.

Bakgrunnsstoff endre