Jurafjella er ei lita fjellkjede nord for Alpane, mellom elvane Rhinen og Rhone og er ein del av vasskilje mellom dei. Fjella, som definert av Johann Gottfried Ebel, ligg i Frankrike, Sveits og Tyskland.[1]

Jurafjella
Fjellkjede
Utsyn mot Lelex frå nær Crêt de la Neige
Land  Frankrike,  Sveits
Regionar Rhône-Alpes, Franche-Comté, Vaud, Neuchâtel, Jura, Basel-Landschaft
Del av Alpide belt
Grensar til Alpane
Høgaste punkt Crêt de la Neige
 - høgd 1 720 moh.
Kart
Jurafjella
47°14′35″ N 6°1′19″ E
Satellittbilete av Jurafjella
Satellittbilete av Jurafjella
Satellittbilete av Jurafjella
Wikimedia Commons: Jura mountains

I Frankrike dekkjer dei i røynda regionen Franche-Comté, og strekkjer seg sør til regionen Rhône-Alpes aust for departementet Ain, der det høgaste punktet i fjellkjeda ligg på Crêt de la Neige. Sørenden av dei franske Jurafjella ligg nordvest i departementet Savoie. Nordenden ligg heilt sør i Alsace. Fjellkjeda dekkjer om lag 1600 kvadratkilometer og er verna som ein del av Jurafjella regionale naturpark.

I Sveits dekkjer fjellkjeda den vestlege grensa mot Frankrike i kantonane Basel, Solothurn, Jura, Bern (Bern-Jura), Neuchâtel, Vaud, og grensa mot Tyskland i kantonen Schaffhausen. Ho dekkjer òg delar av kantonen Basel-Landschaft. Dei sveitsiske Jurafjella har vorte industrialisert sidan 1700-talet og var eit stort senter i urmakarindustrien. Derfor ligg det relativt store byar i høgda, som La Chaux-de-Fonds, Le Locle og Sainte-Croix (kjend for speledåsane). Dette området har opplevd fråflytting sidan kring 1960. Fjellområdet er òg eit av tre åtskilte geografiske regionar i Sveits. Dei to andre er Det sveitsiske platået og Dei sveitsiske Alpane.

I Tyskland er Jurafjella lågare, og strekkjer seg inn i Bayern på platåa i Schwaben og Franken.

Namnet «Jura» kjem frå juria, ei latinisert form av den keltiske forstavinga jor- som tyder «skog».[2][3][4] Fjellkjeda har gjeve namn til det franske departementet Jura, den sveitsiske kantonen Jura og den geologiske perioden jura.

Kjelder endre

  1. Ebel, J.G. 1808. Ueber den Bau der Erde in dem Alpengebirge zwischen 12 Längen- und 2-4 Breitengraden nebst einigen Betrachtungen über die Gebirge und den Bau der Erde überhaupt. Zweyter Band. Orell Füssli und Compagnie 428 s; Zürich
  2. Rollier, L. 1903. Das Schweizerische Juragebirge. Sonderabdruck aus dem Geographischen Lexikon der Schweiz, Verlag von Gebr. Attinger, 39 s; Neuenburg
  3. Hölder, H. 1964. Jura - Handbuch der stratigraphischen Geologie, IV. Enke-Verlag, 603 s., 158 figs, 43 tabs; Stuttgart
  4. Arkell, W.J. 1956. Jurassic Geology of the World. Oliver & Boyd, 806 s.; Edinburgh und London.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jurafjella