Måle- og signaturetterretning (MASINT)

(Omdirigert frå MASINT)

Måle- og signaturetterretning (MASINT) er ein vitskapleg og teknisk etterretningsdisiplin som samlar inn og analyserer data som storleik, vinkel, masse, bølgjelengde, tidsrom, modulasjon, plasmaformat og hydromagnetisk fluks. Denne analysen kan brukast til identifisering av kjelde og lokalisering av desse dataa, noko som kan fortelja mykje om situasjonen i ein gjeven stad og tid, særleg i militær samanheng.[1][2]

Det kan vera vanskeleg å trekkja ei linje mellom taktiske- og strategiske MASINT-sensorar. Faktisk kan den same sensoren brukast taktisk eller strategisk. I ei taktisk rolle kan ein ubåt bruka akustiske sensorar, aktiv og passiv sonar til å låse seg på eit mål eller koma bort frå ein forfølgjar. Dei same passive sonarane kan brukast av ein ubåt til å smyga seg inn i ei utanlandsk hamn, for til dømes å kopiera signaturen til ei ny type ubåt.

MASINT og teknisk etterretning (TECHINT) kan overlappa kvarandre. Skilnaden er at ein teknisk etterretningsanalytikar ofte har fått tak i ein del av utstyret til fienden, til dømes ein artillerigranat, som kan vurderast i eit laboratorium. Dei to disiplinane er komplementære: tenk at ein teknisk etterretningsanalytiker (TECHINT) ikkje har denne artillerigranaten som han kan sparka rundt på eit test-område, medan ein MASINT-analytikar har multispectral opptak av granaten medan han eksploderte under ei feltprøve. Som med mange etterretningsdisiplinar, kan det vera ei utfordring å integrera teknologi inn i den aktive tenesta, slik at dei kan brukast av stridsfeltet.[3]

Militær bruk endre

Sjølv om dagens MASINT ofte er på høgda med den nyaste teknologiske utviklinga, mange av dei høgt graderte, har teknikken ei lang historie. På krigsskip, heilt frå selgskutetida, brukte ein auge, øyrar og rørslekjensle (ein fukta finger heva mot vinden) for å mæla eigenskapane til vind og bølgjer. Ein brukte eit mentalt bibliotek av signaturar til å avgjera kva for taktisk kurs det var best å følgja basert på vêret. Mellomalderske festningsverksingeniørar ville leggja øyret til bakken for å få akustiske målingar av moglege tunnelar å grava for å koma seg under festningsveggene.

Akustiske og optiske metodar for å finna fiendtleg artilleri går attende til første verdskrigen. Medan desse metodane etter kvart vart erstatta med radar for moderne kontrabatteriskyting, var det i 2017 ei oppbløming av interesse i akustisk skotlokalisator mot snikskyttarar og urbane terroristar.

Døme på MASINT endre

Data frå Etterretningsbilete
Infraraud fotografering Korleis ser den fiendtlege stillinga ut under operasjonar?
Akustiske signaturar Korleis høyrer eit snikskyttarskot ut, og kvar kan snikskyttaren vere?
Seismiske data Rørsle i bakken når eit fiendtleg køyretøy passerer - kan identifisere eit køyretøy
Radarbilete Korleis ser målet ut bak røykteppe, tåke eller skyddekke?
Laserbilete Er det kjemiske eller biologiske våpen til stades?

Kjelder endre

  1. https://fas.org/irp/program/masint.htm
  2. North Atlantic Treaty Organization, Nato Standardization Agency AAP-6 - Glossary of terms and definitions, s. 156.
  3. Ives, John W. «Army Vision 2010: Integrating Measurement and Signature Intelligence». US Army War College. Arkivert frå originalen 10. juli 2011. Henta 3. oktober 2007. 

Bakgrunnsstoff endre