MF «Fitjar»
bilferge bygd i 1973
MF «Fitjar» som avløysar i ruta Gjermundshamn-Varaldsøy-Løfallstrand. Truleg i 1996 Foto: Harald Sætre | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Fitjar» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Haugesunds Slip i Haugesund |
Verftsnummer: | 16 |
Sjøsett: | 1973 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LLIX |
IMO-nummer: | 7321922 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 488 bruttotonnregister, 227 nrt |
Lengd: | 211,6 fot (64,5 m) |
Breidd: | 36,5 fot (11,1 m) |
Djupgang: | 11,5 fot (3,5 m) |
Installert effekt : | 1250 bhk |
Framdrift: | 5cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk) |
Bilar: | 50 køyretøy |
Generelle mål etter ommåling i 1996 | |
Tonnasje: | 740 bruttotonnregister, 250 nrt |
Karriere | Noreg |
Namn: | MF «Fitjar» |
Eigar: | Norled |
Sett i teneste: | Desember 2011 |
Heimehamn: | Stavanger |
MF «Fitjar» er ei bilferje levert frå Haugesunds Slip i Haugesund i juni 1973 til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Ferja er framleis i reiarlaget som endra namn til HSD Sjø i 2001 og Tide Sjø i 2006, før det vart ein del av Norled. «Fitjar» har gjennom det meste av fartstida gått i sambandet Skånevik–Matre–Utåker.
I 2017 er ferja framleis i fart, men no som reserveferje i Hordaland. Gått Kvanndal Utne i stort sett heile 2016 og ut i 2017 før den var på lengre verkstadopphald i Ølen på full oppgradering
Ferjeruter
endre- 1973 - 1998: Skånevik–Matre–Utåker
- 1974 - ca. 1983: Nattferje Utbjoa-Jektevik-Våge-Halhjem
- Mai 1985 - april 1986: Halhjem-Sandvikvåg
- 1998 - 2001: Leirvik-Ranavik-Sunde
- 2006 - desember 2010: Skånevik–Matre–Utåker
- Sidan 2011: Reserveferje
Kjelder
endre- Skipet.no
- «Fitjar» på Fjordfähren (tysk) Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
endre- «Fitjar» på marinetraffic.com
- Video frå sambandet Årsnes-Gjermundshamn der MF «Fitjar» trafikkerte i april 2013.