MF «Samband»
M/F «Samband» ved Sandvikvåg ferjekai i Fitjar kommune. Foto: Harald Sætre | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MF «Samband» |
Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
Verft: | Haugesunds Slip i Haugesund |
Verftsnummer: | 9 |
Sjøsett: | 1968 |
Teke ut av teneste: | 1997 |
Heimehamn: | Bergen |
Kjennemerke: | LMAN |
IMO-nummer: | 6715334 |
Generelle mål | |
Type: | Bilferje |
Tonnasje: | 192 bruttotonnregister, 72 nrt |
Lengd: | 31,10 m |
Breidd: | 9,50 m |
Djupgang: | 3,50 m |
Installert effekt : | 400 bhk |
Framdrift: | 4cyl. 2T EV DM (Wichmann Motorfabrikk) |
Bilar: | 20 køyretøy |
Karriere | Noreg |
Namn: | MS «Samba» |
Eigar: | Samba AS |
Sett i teneste: | 1998 |
Heimehamn: | Lepsøy/Bergen |
Generelle mål etter ommåling i 1994 | |
Tonnasje: | 285 bruttotonnregister, 92 nrt |
MF «Samband» var ei bilferje levert frå Haugesund Slip i Haugesund den 12. juli 1967 til Skips-A/S Samband i Haugesund, men alt i juni 1968 vart ho overteken av Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD).
Ferja gjekk inn i ruta Langevåg-Buavåg-Mosterhamn-Valevåg, der ho gjekk fram til 1997.
I november 1997 vart ferja seld til Samba AS på Lepsøy i Os kommune og i mars 1998 fekk ho namnet «Samba». Fartøyet er framleis i drift.
I juni 2005 gjekk ho gjennom ei større ombygging. Overbygget vart fjerna og styrhuset vart sett på styrbord side. Sidan 2006 har ho fungert som transportskip. Vinteren 2010/2011 fekk ho nytt styrhus, ny kran og ny motor, ein Caterpillar dieselmotor. Den gamle Wichmann-motoren vart overteken av Hardanger Fartøyvernsenter for den gamle ferja MF «Folgefonn».
Ferjeruter
endre- 1967-1997: Langevåg-Buavåg-Mosterhamn-Valevåg
Kjelder
endre- Skipet.no
- Samband på Fjordfähren (tysk) Arkivert 2012-12-16 ved Wayback Machine.