MIT Club of Norway
MIT Club of Norway er ein organisasjon for tidlegare studentar ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) som bur i Noreg.
Klubben vart skipa etter andre verdskrigen då det var relativt mange nordmenn som hadde gått på MIT. Klubben vart gjenoppliva på 1990-talet.
Målet for klubben er å skape positive bidrag til samfunnet gjennom menneskelege, intellektuelle, organisatoriske og yrkesetiske verdiar frå MIT.[1]
Klubben arrangerer møte med akademikarar frå MIT og kjente tidlegare MIT-studentar, til dømes Nicholas Negroponte, Robert Metcalfe, Lester Thurow, Mario Molina og Rafael Reif.
Presidentar
endre- Ellen Ewald
- Jon Samseth 2008-2019
- Bent Erik Bakken 2019-2023
- Cecilie Mauritzen 2023-[2]
Kjelder
endre- ↑ « Create positive contributions to society through the specific human, intellectual, organizational and professional values provided by MIT», frå nettstaden
- ↑ «MIT Club of Norway», MIT Alumni Online Community (på engelsk), henta 29. januar 2024
- Denne artikkelen bygger på «MIT club of Norway» frå Wikipedia på engelsk, den 4. november 2012.