MK Austlid i Sagvåg
Karriere  Noreg
Namn: MK «Austli»
Eigar: Aanen Vikanes i Sagvåg/Bergen
1917: H. W. Schaatum, Stavanger
1920: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
Verft: Ottesens Skipsbyggeri i Sagvåg
Sjøsett: 1917
Sett i teneste: 1920 (for HSD)
Teke ut av teneste: 1948
Kjennemerke: MPWN/LFNH
Generelle mål
Type: Motorkutter
Tonnasje: 33 brt
13 nrt
Lengd: 59,0 fot (18,0 m)
Breidd: 15,8 fot (4,8 m)
Djupgang: 7,1 fot (2,2 m)
Installert effekt : 40 bhk
Framdrift: 2cyl. 2T RM (A/S Motoren Rap, Kristiania), 40 bHK
Generelle mål etter ombygging i 1894
Tonnasje: 106 brt
62 nrt

MK «Austli» var ein motorkutter bygt i 1917. Ho vart selt til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) i 1920 som det første motorfartøyet til selskapet. «Austli» gjekk i lokalrutefart i Sunnhordland fram til 1948 då ho vart seld og teke i brukt som fraktefartøy. Ho vart sletta frå norsk register i 1975.

Historie

endre
 
DS «Granvin» og MK «Austli» til kai ved Vallavik i Ulvik.

Skipet vart levert i 1917 til Aanen Vikanes i Sagvåg, men same året seld til H. W. Schaatum i Stavanger. I april 1920 vart skipet kjøpt inn av HSD i Bergen for 50 000 kroner og noko ombygd i Sagvåg, mellom anna med passasjerinnreiing. I juni 1920 vart det sett i supplerande lokalrutefart i lag med DS «Fjæra» i ruta (Leirvik-Mosterhamn-Valevåg-Leirvik-Halsnøy-Sunde). Ruta var godt motteken av passasjerane, men dei tykte ikkje om båten som både var for lite og gjekk for sakte. I 1922 fekk båten ny motor.

Skipet vart i 1948 seld til L. Baardsen på Stord og i 1950 til Lars Hetlelid på Stord.

I 1975 vart skipet sletta frå norsk register og var truleg selt til Tyskland i 1974 for bruk som lystbåt.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre