MK «Kinsarvik»
MK «Kinsarvik» ved kai i Ringøy i Eidfjord i 1932 Foto: Anders Beer Wilse | |
Karriere | Noreg |
---|---|
Namn: | MK «Kinsarvik» |
Eigar: | HSD |
Verft: | Gravdal Skipsbyggeri i Sunde |
Verftsnummer: | 255 |
Sjøsett: | 1930 |
Teke ut av teneste: | 1959 |
Kjennemerke: | LJDC/LGNQ |
Generelle mål | |
Type: | Motorkutter |
Tonnasje: | 91 brt, 44 nrt |
Daudvekt: | 90 tonn |
Lengd: | 77,4 fot (23,6 m) |
Breidd: | 20,0 fot (6,1 m) |
Djupgang: | 9,0 fot (2,7 m) |
Installert effekt : | 90 bHK |
Framdrift: | 2cyl. 2T Wichmann RM |
Generelle mål etter ombygging i 1949 | |
Tonnasje: |
110 brt 50 nrt |
Karriere | Noreg |
Namn: | MK «Langøysund» |
Eigar: |
1959: Olaus Langøen 1968: Gunnar & Atle Langøy |
Heimehamn: | Rongevær |
Lagnad: | Grunnstøtte i Alverstraumen 15. januar 1973. |
MK «Kinsarvik» var ein motorkutter bygt i 1930 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap som bilførande lokalrutebåt. Ho vart typisk nytta i dei første utgåvene av ferjesamband i indre Hordaland fram til desse typisk vart overteke av spesialbygde bilferjer på femtitalet. «Kinsarvik» fekk i likskap med mange andre utrangerte lokalrutebåtar eit etterliv som fraktefartøy på kysten, og i «Kinsarvik» sitt tilfelle vart det ikkje trong for omfattande ombygging. Som fraktefartøyet «Langøysund» var ho i fart fram til ho vart kondemnert etter ein grunnstøyting i 1973.
MK «Kinsarvik»
endreMK «Kinsarvik» vart levert i juni 1930 frå Gravdal Skibsbyggeri & Trelastforretning i Sunde i Sunnhordland som motorkutter og bilførande lokalrutebåt «Kinsarvik» kom til Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap i Bergen og kunne frakte fem personbilar på tvers føre overbygget. Ho vart nytta i «ferjerute» Norheimsund-Ringøy-Eidfjord.
I 1933 vart ho sett inn i «ferjeruta» Kyrping-Fjøra i Åkrafjorden, og avløyste der innleidde «Jøsenfjord» i den bilførande lokalruta Utåker-Skånevik-Kyrping-Fjøra. Skipet vart ombygd i 1940.
2. november 1944 vart skipet rekvirert av Kriegsmarine og vart nytta under evakueringa av Finnmark. «Kinsarvik» hadde i tida ho var rekvirert fleire motorhavari og låg ein del på verkstad. 1. juni 1945 vart skipet levert attende med defekt maskin.
Skipet vart ombygd i 1949 og i 1951 vart ho sett i ferjeruta Ulvik-Brimnes. Sommaren 1953 vart ruta overteke av ferja «Folgefonn». I 1957 vart «Kinsarvik» sett inn i ferjeruta Ulvik-Brimnes att (etter at «Folgefonn» måtte flyttast til Sunnhordland). Dette var ikkje særleg populært blant dei reisande.
MK «Langøysund»
endre«Kinsarvik» vart i 1959 selt til Olaus Langøen med fleire på Rongevær. Ho vert omdøypt «Langøysund» og ombygd til fraktefartøy. Skipet vart nytta i fraktfart. I 1968 vart ho selt til P/r Gunnar & Atle Langøy på Rongevær og nytta i fraktfart. 15. januar 1973 grunnstøytte skipet i Alverstraumen i ballast og fekk store skadar. Skipet vart aldri reparert og vart i 1975 sletta frå norsk skipsregister som kondemndert.
Sjå òg
endre- «Kinsarvik» er brukt som skipsnamn på fleire skip i HSD. Andre skip med namn «Kinsarvik».
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «MK «Kinsarvik»» frå Wikipedia på bokmål, den 20. desember 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Skipet.no
- «Fjordabåten» Dag Bakka jr. 1994
- «Over Fjord og Fjell, HSD 1880-1980» Bård Kolltveit 1980