Skånevik

Tettstad i Etne i Hordaland

Skånevik er ein tettstad i Etne kommune i Vestland. Fram til 1. januar 1965 var Skånevik ein eigen kommune. I 1965 vart han delt mellom Kvinnherad og Etne. Delen som gjekk til Etne hadde 1493 innbyggjarar, og delen som gjekk til Kvinnherad hadde 1189 innbyggjarar. Staden ligg inst i Skånevikfjorden, nær innlaupet til Åkrafjorden. Frå Skånevik går det som del av Riksveg 48 ferje over Skånevikfjorden til Utåker og Matre i Kvinnherad kommune.

Skånevik
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Etne
Areal 0,88 km²
Folketal 543  (2023)
Folketettleik 617 / km²
Postnummer 5593 SKÅNEVIK
Preposisjon i Skånevik
Kart
Skånevik
59°44′00″N 5°59′00″E / 59.733333333333°N 5.9833333333333°E / 59.733333333333; 5.9833333333333
Wikimedia Commons: Skånevik

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for tidlegare Skånevik kommune frå 1920 til 1965:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1965[3]
2901 2902 2996 2945 2694 2682

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengde i Skånevik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.